10. februar 2009

iPod-mysteriet

Eg har over 1800 låtar på iPoden min as we speak.
Likevel speler han stort sett mange av dei same låtane, eller mykje av den same type musikken, når eg vil han skal spele musikken av i tilfeldig rekkefølgje og helst veksle litt i dei ulike sjangrane. Ofte kjem det til dømes i overkant mykje Kjell Askildsen, jamfør førre innlegget.
Kva kan vere grunnen?

6 kommentarer:

Unknown sa...

Kanskje intelligent den Ipoden din, som vet hva du helst vil høre.
Men en annen ting: Hvorfra laster du ned musikken din?
Egne CD'er, radio, Itunes eller hva?
Selv har jeg en gammal mp3 som jeg bare bruker om sommeren.

Aina Basso sa...

Eg har lagt inn 3/4 av platesamlinga mi (har ikkje kome til klassisk og jazz enno), lasta ned (dvs. kjøpt) noko frå iTunes og Myspace, samt lasta ned podkastar frå NRK.

Anonym sa...

Det med tilfeldig rekkefylgje, tilfeldige tal, med andre ord;det som har med rein slump å gjere er ingen spøk. Nokre matematikarar har t.d. nytta store deler av livet sitt på tilfeldige tal. Om du vågar deg inn på sida http://random.org skulle du få eit visst inntrykk.

Elles så har eg funne ut at det går liksågod å spele musikken alfabetisk. Det gjeld berre å ikkje starte på same stad kvar gong.

Aina Basso sa...

Ja! Det har eg også prøvd. Alfabetisk er fint. Av og til det, og av og til tilfeldig.

Du veit om så mange rare nettsider, du! Skjære internettspesialisten!

Anonym sa...

Alfabetisk er veldig bra. Om du frys på føtene eller har neglesprett på fingrane, kan du berre hoppe over "A", så slepp du å treffe på Askildsen.

Aina Basso sa...

Smart.
Elles plar eg byrje alfabetisk på songtittel, for då slepper eg å høyre Headlines and Deadlines først kvar gong eg trykker på A.