22. januar 2009

To utdrag

Eg skrudde av tv-en. Det var ikkje noko på han, anna enn desse teite reality-programma, og sport. Hestar, skiløparar.
Så eg las i staden. Eg las Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd. Miksteipen med kortprosa frå ein av meddebutantane mine på Samlaget denne hausten. Rune F. Hjemås.

Her er to utdrag, av mange eg likte godt. To smakebitar.

seinare dødde det hen, ein fekk andre ting å snakke om, snøen smelta og åttiåra rann ned i sluka, nittiåra fordampa og etsa hòl i ozonlaget

(Frå Som tida prellar av, s. 20)

Plutseleg kan eg ikkje sjå deg. Eg finn deg i yttergangen, du står skjult bak eit tjukt forheng av pelskåper slik at berre føtene dine er synlege, to raude ballettsko, svarte strømper. Er det her du er? seier eg. Kom inn, seier du. Eg grev meg gjennom fleire lag med klede og blir ståande tett inntil deg. Det luktar beiskt av gammalt tøy, som malingslukt, slik det luktar av dei mørkaste fargane. Eg pleidde gjømme meg her da eg var lita, seier du. No må vi berre vere heilt, heilt stille.

(Frå Oktoberutstillinga, 11, s. 39)

3 kommentarer:

*** sa...

nydeleg!

Monica sa...

Denne fikk jeg årntli lyst til å lese! Har tenkt på det før, men nå skal jeg ta den med på skriveuka mi på Hvaler.

Aina Basso sa...

Ja, det må du gjere! Sidan tekstane er så korte kan ein jo også velje om ein vil lese ein no og ein då, eller litt fleire i slengen, eller heile greia i ein jafs - slik eg gjorde.