22. januar 2009

Rom for meir

Livet er for kort til å kaste vekk tid på bøker som ikkje fengar.
Difor har eg no sett begge dei amerikanske bøkene (Auster og DeLillo) tilbake i hylla, i påvente av andre, kanskje betre, tider. Og i går las eg ut Andvake av Jon Fosse, så no har eg berre ei bok på nattbordet, og det er Tilfeldigvis av Silje Fretheim. Som eg snart er komen halvvegs i. Så kva no?

Eg har alltid plass til to ganske ulike bøker på nattbordet samtidig, og eg har ein del å velje i. Is-slottet, kanskje? Skal eg ganske enkelt stikke innom bokhandelen etter jobb og satse på at dei har ho i mjukinnbinding? Eller skal eg lese noko meir av Hanne Ørstavik, som eg framleis er nysgjerrig på? Kanskje ta fatt på nokre av dei nye bøkene eg har fått frå andre norske forfattarar? Eller låne nokon av dei andre, nye, på biblioteket?

Eg liker når det blir rom for ei ny bok. Eg liker å kjenne etter på kva eg vil, akkurat no. Kanskje blir det deg, denne gongen. Eller kanskje deg. I morgon veit vi.

4 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

DeLillo har jeg ikke prøvd, men har en anelse om at han ikke er min kopp te. Auster har jeg prøvd, men fant ham så kjedelig at jeg ga opp.

Jørn Roeim sa...

Takk for at du minte meg på Ørstavik, forresten. Jeg står på farten til biblioteket, og har lyst til å se på hennes "I morgen er det åpent for alle".

Jørn Roeim sa...

"I morgen skal det være åpent for alle" er visst korrekt tittel.

Aina Basso sa...

Eg vurderer i første omgang å lese Kallet: romanen, trur eg. Men eg reknar med du skriv ein rapport frå boka, så eg får følgje med.

Eg har kome i tankar om kva bøker som står ulesne i hylla. Og at eg vil ta tak i nokre av dei. Som t.d. Marit Eikemo sin kritikarroste roman Mellom oss sagt. Eller kortprosasamlinga til Samlags-debutanten Rune F. Hjemås, Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd, som eg også har skaffa meg, men enno ikkje lese.