19. januar 2009

Nokre illusjonar fattigare

Det er to dagar igjen til lesesirkelmøtet, eg har lese 60 av 310 sider i Illusjonenes bok og har ikkje tid til å lese dei neste to kveldane, då eg først skal få ei etterlengta innføring i korleis eg skal føre rekneskap og skrive sjølvmelding frå Norsk forfattarsentrum, og deretter vere med på mitt første medlemsmøte i same organisasjonen.

Så då blei det ikkje Paul Auster og lesesirkelbok denne gongen. Det såg jo dårleg ut allereie frå byrjinga. Boka klarte ikkje fenge meg. Eg fekk ikkje dreisen på kva som var poenget med plottet, og så langt - 60 sider uti - har det enno ikkje skjedd noko som har fått meg til å bli interessert. Då, kan ein vel innvende, går det kanskje litt for lenge før Auster kjem til poenget? Og akkurat det har eg lite tolmod med for tida.

Så eg sette boka tilbake i hylla igjen i går kveld, då eg la meg litt for seint til å lese. Og der får ho vel stå enn så lenge. Så eg må berre beklage, lesesirkel. Eg kjem sterkare tilbake neste gong!
Her er ein omtale av boka.

David Zimmer, professor i litteraturvitenskap, mister kone og to sønner i en flyulykke. Med ett er hele hans livsgrunnlag borte. Han tilbringer dagene i selskap med TV og whiskyflasker, nær ved å gå i oppløsning i total desperasjon. En kveld kommer han over en film av stumfilmskaperen Hector Mann, som forsvant sporløst en gang i slutten av 20-årene. Alle regner med at han er død og at det ikke finnes flere filmer etter ham. Hector Manns filmer redder Zimmer. Han går i gang med å skrive en bok om Mann. Etter en tid blir han kontaktet av en kvinne som gir seg ut for å være Manns kone. Hun sier at han fortsatt lever, og inviterer Zimmer til deres ranch i New Mexico. Stemmer dette, eller er det bare en ny fortelling av samme slag som Manns filmer? Hvordan skal Zimmer få brakt på det rene hva som er virkelig?

Ingen kommentarer: