7. november 2008

Full fres på Falturiltu

Eg er på Stord, nærare bestemt i Leirvik, og akkurat no nærare bestemt på Rommetveit og Høgskulen på Stord.

I dag har eg og Terje Torkildsen lese for to niandeklassar, og det var ei god oppleving. Det er kjekke ungdommar på Stord! No kvir eg meg ikkje for i morgon, og det er veldig deilig.

Snart skal eg hoppe inn på seminaret som føregår her, og som er ein del av festivalprogrammet. Det handlar om nynorsk barne- og ungdomslitteratur og der er det mange gode føredragshaldarar. Der treffer eg også Avil aka Kristine Tofte, og det ser eg fram til!

Alle folka er veldig kjekke her. Dei andre forfattarane har teke godt imot meg (alle NBU-forfattarar er kjekke, veit du), vi har allereie klinka beger ein gong, og fleire skal det nok bli.

Det var dagens korte rapport. På hotellet trur eg ikkje dei har internett, iallfall har ikkje eg funne noko, så det blir vel ikkje meir surfing på eit par dagar.

I morgon skal eg altså lese saman med Ingelin Røssland, Terje Torkildsen, Arnt Birkedal og Bjørn Sortland på Årets ungdomsbøker på Kulturhuset i Leirvik, og om kvelden blir det bokfest for vaksne, med opplesingar og konsert med Valkyrien Allstars - eg gler meg!

Alle som befinn seg i nærleiken er herved sterkt oppmoda til å kome!

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Lykke til! Høres kjekt ut!

Avil sa...

Aina er så flink og søt og pen. *smelt*

Anonym sa...

Gler meg til å høre deg og dei andre på Kulturhuset i dag!

Ragnfrid

Aina Basso sa...

Og Avil er like flott som venta. Nei, faktisk er ho flottare. Og ho er ein steike flink begerklinkar!

Ragnfrid:
Kjekt å sjå deg her! Og takk for dagane i Vikjo. Det var kjekt!