9. november 2008

Fin bok, fin mann

Ein av forfattarane eg er blitt endå betre kjent med desse siste dagane i Vikjo, er Arnt Birkedal. Arnt feirar 25 års-jubileum som forfattar i år, og har gitt ut mange diktsamlingar, både for barn og vaksne, og mange barne- og ungdomsbøker.

Arnt er ikkje berre ein frykteleg fin forfattar, han er også eit frykteleg fint menneske, med lun og varm humor, stort skjegg og stort hjarte, for å nemne noko. Vi har bytta bøker, han var så snill å føreslå det og eg var sjølvsagt både smigra og interessert. Så eg har no fått hans aller første bok og den hittil siste, ungdomsromanen om Gauleviksguten i Gaulevik.

Viss ein har teke ein reisesjuketablett tek det omlag ein flytur mellom Stord og Oslo å lese Gaulevik, gjennom humpar og dumpar, risting og luftlommer. Og for ei fin bok!

Gaulevik handlar om Gauleviksguten, som er ein stillfaren kar, han liker best å sitje og lage fine songar på lyra si, å pugge gloser ved kjøkengrua eller dingle med beina, få sauestiren og drøyme seg vekk. Men rundt han, overalt i Gaulevika, er det berre gauling og brøling dagen lang:

Fælast til å gaule var jo folka frå indre Gaulevika, gaulevikingane sjølve. Ja, jo nærare sjølve vika du kom, jo verre gaula mannfolka der. I Gauleviksgarden, innom Gaulevikgrinda, var det gauling støtt. Det var gauling langs løeveggar, gauling over stille vatn, gauling gjennom motordur, under daude lastebilar, gauling gjennom gardhol, gjennom tuss- og vintermørker, gjennom sludd og hagl og regn, gauling gjennom samanbitne tenner, mellom snørr og bart og vesaldråpar.

Men om natta var det stilt.

Bare gaulesnork, gaulesnerr og finslig naseplystring høyrdest.

Og då sovna Gauleviksguten, òg.

Då gjekk det ein draumeveg gjennom Gaulevik, med draumehus og draumehagar på begge sider. Draumehus med rare draumetilbygg; draumeetasjar som hang og hangla, og som mangla heile dei vakne dagane. Det var draumeskip i hagane, kongeskip og husbåtar, det var elefant-tjukningar i hekkane, og sigøynerleirar. I draumehusa budde jentene. Jentene i klassen. Det var ikkje så mange av dei, men dei gjorde mykje av seg, særlig i draumane. Somme sov i andre etasje, somme sov i første, somme sov med soveputeenden av senga si mot draumegata.

Jentene i klassen hans var laga av draum.

Ingen kommentarer: