28. november 2008

Eg rapporterer

Det er ei stund sidan eg kom med ein statusrapport på lesinga mi. Og sidan dette er meint å i stor grad vere ein leseblogg, er det vel på tide.

Eg må med sorg meddele at eg har lagt Americana av Don DeLillo på hylla igjen. Ikkje på hylla, men på-hylla, altså på vent. Eg veit ikkje kva som skjedde. Eg har jo tidlegare skrive opptil fleire gongar at eg liker boka. Men sånn er det. Ho ligg nedst i bunken, medan bøkene over skiftast ut med ujamne, uryddige mellomrom.

Paal-Helge Haugens fine diktsamling Sone O les eg i litt sporadisk. Ho ligg i nattbordsbunken. Kanskje kjenner eg meg for trøytt til prosa, ein kveld eg legg meg, og så blar eg opp i Sone O i staden. Let boka opne seg på ei vilkårleg side. Så les eg diktet som står der, og kjenner etter om det talar til meg. Ofte gjer det det. Slik kristne opplever det når dei slår opp ein vilkårleg stad i Bibelen på jakt etter eit teikn frå Gud.

Eg er nesten ferdig med Eit vintereventyr av min flinke og sympatiske meddebutant på Samlaget, Jan Roar Leikvoll. Den groteske og fæle historien til trass, er det ei fin bok. Ei poetisk bok. Ei vakker bok. Eg kjem sterkare tilbake med ein skikkeleg omtale når boka er ferdiglesen.

Og så les eg interrailboka til Nils-Øivind Haagensen, Møt meg, møt meg, møt meg. Ein fin tittel. Og ei fin bok, så langt. Refleksjonar over livet, kjærleiken, mennesket, litteraturen, blanda med reiseskildring, observasjon. Boka byrjar med å seie at det er ein dårleg idé å reise på interrail åleine. Iallfall når ein er Nils-Øivind Haagensen. Iallfall når alt som er godt berre synast å kunne skje på heimebane. Vi får sjå korleis det utviklar seg. Så langt er han ikkje komen lenger enn til Hamburg Hauptbahnhof, og eg er skjønt einig med han i at det er ein trist stad å vere i transit.

Så er det bøkene som ventar. Som ventar på meg, som eg ventar på, som eg ventar på å få tid til, som eg gler meg til, som eg er utolmodig etter.
To biblioteksbøker, mange tilbytta bøker, nokre smale bøker, nokre breie bøker, eller berre tjukke, kan hende.

Eg ser fram til
Skagerrak av Hilde K. Kvalvaag
Darlah av Johan Harstad
Mellom oss sagt av Marit Eikemo
Kortvarig lykke av Bjørn Skogmo
Eg kjem med toget av Ingrid Z. Aanestad
Tilfeldigvis. Arial Footlights forhistorie av Silje Fretheim

Eg ser også fram til
Pol av Mette Karlsvik
Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd av Rune F. Hjemås
Stripekalven av Marit Kaldhol
Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug

men desse har eg ikkje skaffa meg enno.
Snart.

Og når det gjeld lesesirkelboka for desember, så fengar ho meg ikkje. Eg har lese 25 sider, og eg kjenner at dette ikkje er tingen for meg. Ikkje no. Paul Auster og hans Illusjonenes bok får stå i hylla mi og vente på ein vakrare dag. Viss ho bryr seg, noko eg tviler på at ho gjer, den blaserte jævelen.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Du kan glede deg til Vente, blinke.
Det trur eg må vere den vakraste boka eg har lese, i alle fall i år.

Anonym sa...

Jeg ser også veldig fram til "Vente, blinke".
"Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd" er en kjempefin bok, det er "Eg kjem med toget" og. Du nevner en del titler jeg ikke har hørt om her, de må jeg sjekke ut. :)

Når det gjelder Paul Auster er det neppe så farlig å la den ligge. Illusjonenes bok var den siste av bøkene hans jeg leste, og etter det bestemte jeg meg for at jeg hadde fått nok av farsfigur-issuene til Auster. New York-trilogien er bra, også likte jeg Mr. Vertigo. Illusjonenes bok er langt fra Austers beste. Da får man heller lese bøkene til kona hans. Ble nylig ferdig med "What I loved" og den var virkelig fin! (men veldig trist).

Aina Basso sa...

Fint å høyre!
Takk for tips og kommentarar.