5. november 2008

Bokbytting

Ei av dei meir ukjente sidene ved dette nye forfattartilveret, er det openbert ganske vanlege fenomenet bokbytting.

Skal vi bytte bøker, spør vi kvarandre viss det er nokon som har ei bok vi vil lese.

Eg må innrømme at eg ikkje har turt å spørje om nokon vil bytte med meg enno, rett og slett fordi eg framleis går med denne audmjukheitskappa kring skuldrene, og tenker på godt, gammalt jantevis at det sikkert ikkje er nokon som eigentleg har lyst til å lese det eg har skrive.
Men heldigvis er det andre som har spurt meg om å bytte, og det er jo både kjekt og smigrande.

Og det er igrunnen ein fin skikk, ikkje berre fordi ein så smått får gjeninnført bytte-økonomien i dette gjennomkapitaliserte samfunnet, men fordi det er ekstra kjekt å lese ei bok som ein har fått direkte frå forfattarens hand.

13 kommentarer:

Tove sa...

Du burde ikkje vere redd for det. Du har skrive ei verkeleg god bok! :-) Men eg forstår kjensla di likevel.

Aina Basso sa...

Det var fint sagt, Tove! Eg takkar for det. Eg trur kjensla er naturleg.

Jørn Roeim sa...

Bare ikke gi fra deg alle frieksemplarene. Behold minst 2-3 stykker til eget/senere bruk (arkiv). Du aner ikke hvor god bruk du kan få for dem, og hvor bittert det er å slippe opp for sine egne bøker.
Men bokbytte er en bra ting, absolutt.

Aina Basso sa...

Sikkert eit godt råd. Vi satsar med andre ord på at eg ikkje skal få tilbod frå forlaget om eit år eller to om å kjøpe restopplaget til spottpris for at det ikkje skal bli destruert? :)

*** sa...

aina du, eg har boka di, men gir deg likevel ein Pol i bytte straks eg har frieksemplara. eg har ikkje lese boka di enno, og håpar at vi kan gjere det parallelt, kanskje, håpe, håpe,

takk for tankar om Vindauga. det er veldig nyttig for meg no fordi eg skriv den om for scene. fekk støtte frå Fond for Lyd og Bilde for å lage teater av boka, så no går det i å lære av det du peiker på; prøve å skape meir utvekling, fortelling, osv.

komplett malapropos (kanskje): rimi har fått gløgg! ja, den rimi oppe i vegen! eg prøvde den førre helga! men om eg anbefalar den? jau, om du, som meg, er ein søtmons!

Anonym sa...

Kjære, søte Aina. Da jeg skrev i bokomtalen min at boka di rager høyt blant mine favoritter i år, da mente jeg det. :-)

Forøvrig ble det sagt mye pent om boka da den var månedens bok i oktober (sånn "vi leser sammen"-bok) på bokpratforumet.

Aina Basso sa...

Mette:
Så spennande at du skal skrive om for scene! Utfordringa då blir vel å få fram handling og samhandling, så vidt eg har høyrt frå andre. Korfor gjer ho dette, korfor seier ho dette, osb. Det blir spennande! Gler meg til å høyre meir om det.

Og eg vil veldig gjerne ha Pol! Det gler eg meg nemleg til!

Elles takk for gløgg-tipset! Eg liker gløgg, men han er av og til for søt. Flammegløggen var kanskje meir i mi gate. Men den var vel direkte sur i forhold til Rimi sin?

Aina Basso sa...

Eg takkar for det, Elin!
Det er kjekt å høyre. Men tru ikkje at eg fiskar etter kompliment med dette innlegget! Eg fortel berre korleis eg tenker, og slik trur eg mange debutantar kan tenke.

Anonym sa...

Hei! Vi har ikke hilst, men jeg er også debutant for (eldre)ungdom i år, med boka Tilfeldigvis - Arial Footlights forhistorie (Gyldendal). Jeg fikk veldig lyst til å lese boka di etter å ha sett den omtalt hos Avil og Elis lesebabbel. Sistedame hadde også en artig omtale av boka mi. Vi skriver nok i ganske ulike sjangere (min bok er en slags blanding av fantasy og biografi over en fiktiv person), men selv leser jeg de fleste typer bøker. Skal vi bytte? Send i såfall en mail til min fiktive medforfatter (steingard.vada krøllalfa gmail.com), vennlig hilsen Silje E. Fretheim

Aina Basso sa...

Hei Silje!
Boka di har eg lese gode ting om! Eg sender deg ein epost, så byttar vi! Eg les gjerne fantasy og slikt, eg. Har du forresten lese Jonathan Strange & Mr. Norrell av Susannah Clarke?

*** sa...

flammegløggen var ikkje sur, men av typen som laga flammar ut av munnen og røyk ut av øyra. det er alt anna enn surt, er veldig, veldig blidt!

apropos poesitid, kom til å tenke på det då eg las poesiinnlegget ditt, høyr det om robert blythe, han snakkar om olav h, kallar han geni, snakkar mykje, raust, engasjert det er fint å høyre på slik fandom, er som fotball og popkonsert, bare med meir tanke og om mogleg enno meir varme!

.... sa...

Om eg ikkje hugsar feil, det er muleg eg gjer, men så spurde du meg om vi ikkje skulle bytte.... men det var jo pr e-post, det er kanskje ikkje det same....? Alt godt til deg, gler meg veldig til å ta fatt på boka di!

Aina Basso sa...

Mette:
Nei, eg syntest ikkje han var sur! For meg var han perfekt. Men samanlikna med Rimi-gløggen, kanskje? Flammar på Flamme!

Poesitid-tipset takast herved imot med takk!

JR:
Var eg så tøff? Det var jo kjekt. Sikkert fordi du er slik ein kjekk kar!