26. oktober 2008

Tung veke

Det er søndag, den siste dagen i veka og ved frukostbordet las eg ut Uke 43 av Hanne Ørstavik.

På baksida av boka står det at

Uke 43 har et kontroversielt idéinnhold og en nyansert personskildring. Med sitt intense, presise språk og sin stramme komposisjon åpner den store eksistensielle rom. I sin gjennomlyste framstilling av Solveigs hverdag viser Uke 43 hvordan etiske dimensjoner alltid er til stede.

Boka handlar om Solveig på 33 år, som er nytilsett litteraturvitar ved ein distriktshøgskule. Ho har eit beundrande forhold til den eldre professoren Hilde, eit uavklart og problematisk forhold til si eiga mor, ho er svært depressiv, innimellom på grensa til psykotisk, og bér i seg eit enormt og destruktivt sinne.

Solveig blir skildra som svært utstabil. Ho ser verda og litteraturen i svart-kvitt og lever i stor grad på innsida av sitt eige hovud. Ho fantaserer fram situasjonar med Hilde eller andre personar ho treffer, situasjonar vi skjøner kjem til å arte seg annleis og opplevast som skuffande for Solveig. Ho har vonde draumar om mora om nettene, og vi forstår at mor hennar er distansert og ikkje kan gi den kjærleiken og tryggleiken Solveig har behov for. Men vi får inga tilfredsstillande forklaring på det problematiske forholdet dei imellom.

Eg har tidlegare berre lese ei bok av Hanne Ørstavik, Tiden det tar, som også omhandlar eit problematisk forhold til si eiga mor og sin eigen barndom. Vil Ørstavik legge skulda for den vaksne hovudpersonen sine problem og depresjonar på mor?

Eg er enno ikkje sikker på kven Hanne Ørstavik er som forfattar. På den eine sida er bøkene hennar lette å lese, dei fengar altså på eitt eller fleire plan, på den andre sida stiller eg meg spørsmålet: Kva vil ho med det ho skriv? Og lykkast ho?

8 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Jeg vet heller ikke helt hva jeg skal mene om Ørstavik, men jeg har respekt for henne som forfatter. For det første har hun sin helt personlige og særegne stemme, og jeg beundrer forfattere som får til det. Dessuten liker jeg det minimalistiske uttrykket hennes. Og det er vel greit med bøker som bare skildrer, uten nødvendigvis å ha et budskap? "Overlat til leseren det leseren kan gjøre selv" sa Wittgenstein en gang, og det føler jeg at Ørstavik gjør.

Aina Basso sa...

Eg liker òg at ho har eit minimalistisk uttrykk, men for min del kunne ho gjerne hatt ein endå strammare prosa. Men sjølvsagt har eg stor respekt for henne som forfattar. Ho er jo der oppe med dei store, uansett kva eg personleg får ut av bøkene hennar.

Men eg veit ikkje om eg synest det er greitt med bøker som berre skildrar utan å ha eit bodskap. Og det trur eg ikkje ho gjer, heller.

Aina Basso sa...

Eg liker òg at ho har eit minimalistisk uttrykk, men for min del kunne ho gjerne hatt ein endå strammare prosa. Men sjølvsagt har eg stor respekt for henne som forfattar. Ho er jo der oppe med dei store, uansett kva eg personleg får ut av bøkene hennar.

Men eg veit ikkje om eg synest det er greitt med bøker som berre skildrar utan å ha eit bodskap. Og det trur eg ikkje ho gjer, heller.

Jørn Roeim sa...

Nei, jeg tror også at Ørstavik har et budskap, dvs at hun vil si noe om nære relasjoner mellom mennesker, både foreldre barn, særlig mor barn, og andre. Men jeg synes at måten hun gjør det på har en egen estetikk som jeg liker, og som er minst like viktig som innholdet.

Aina Basso sa...

Eg er einig i at måten ei bok er skriven på er vel så viktig som innhaldet. Det speler inga rolle kva boka handlar om, så lenge ho er godt skriven, er det mange forfattarar som seier. Men det blir betre med eit skikkeleg innhald. Ei oppvising i form og språk er sjeldan nok til å gi dei heilt store leseopplevingane.

Jørn Roeim sa...

Nei, det bør jo være en kombinasjon av form og innhold. Og i Ørstaviks tilfelle går formen kanskje litt på bekostning av innholdet? Men som skjønnlitterær forfatter er det jo en kunstnerisk fremstilling av et innhold hun ønsker å gi, hvis ikke hadde hun skrevet sakprosa.

Lille søster sa...

Jeg tror Ørstavik vil veldig mye med det hun skriver, at hun har mye på hjertet. I de bøkene jeg har lest (Kjærlighet, Like sant som jeg er virkelig, Tiden det tar) har det vært mangelen på språk hos barna, foreldrenes makt og barnas maktesløshet hun har skrevet om. Fra og med Uke 43 synes jeg det blir litt vanskeligere å forstå hva hun vil. Jeg kom bare halvveis i Presten, kanskje jeg burde lese den før jeg uttaler meg. Men jeg fikk på en måte nok. Det ble vanskeligere og vanskeligere å forstå disse sinte karakterene. Det er noe hamrende i dette forfatterskapet som det står respekt av, men som jeg samtidig ikke orker. Jeg vet ikke. Jeg synes det er vanskelig å beskrive.

Aina Basso sa...

Ja, eg trur òg ho vil veldig mykje. Og at ho kanskje har gått over i ein måte å skrive om det på som er vanskelegare å forstå for lesarane?

Eg synest du skildrar godt det du ikkje synest du klarer skildre, eg.