3. oktober 2008

Iallfall eit hol

svart dikthol
Eg har vore i eit svart hol i det siste. Eit svart lesehol, eg blei soge inn i det. Det er relativt synleg på lista mi over lesne bøker i 2008, eg har nemleg prestert å sluke (ja, det er nok det riktige uttrykket) 5 bøker av same forfattar dei siste to vekene. Eit svart hol, altså. No gjenstår berre ei bok (ho ligg på salongbordet heime), så er det over og ut for denne gongen.

Korfor, spør du?
Nja. Blei vel berre litt rive med.
Og det er jo betre å bli rive med og lese 5 diktsamlingar på rappen (eigentleg 6, men ei av dei er av ein annan forfattar), enn å bli rive med av til dømes Sagaen om Isfolket. Eller er det ikkje? Forfektar eg verdiar ein ikkje burde forfekte, her, no?

8 kommentarer:

Anonym sa...

Du har fått meg til å lese ham også, Aina. Holder på nå, og jeg skjønner godt at du ble hekta. Det er en fin blanding av lettlest med ettertanke, og lettflytende med glitrende bilder innimellom. Men de fleste diktene minner mest om prosa, og likevel har han ikke kalt dem prosadikt – jeg lurer på hvorfor. Hadde han kalt dem prosadikt ville jeg nok ha oppdaget dem før.

Aina Basso sa...

Ja, eg lurer òg litt på det. Eg ville kalla det kortprosa, viss det var eg som hadde skrive det. Eller prosadikt, som du seier. Men dei tidlege bøkene har nok meir tradisjonelle dikt, endåtil med rim, nokre av dei.

Eg liker nokre av bøkene veldig godt. Ikkje alle, sjølvsagt, det går jo ikkje an. Men eg liker spesielt godt "Enkelte dikt" og "Nils-Øivind Haagensen skriver". Kva er dine favorittar, så langt?

Anonym sa...

Jeg leste Møt meg, møt meg, møt meg i sommer, og den likte jeg godt, men lånte likevel ikke flere bøker av ham, fordi jeg trodde alt var poesi, og jeg er vanligvis ikke så flink til å lese poesi, må helst ha det lest opp for meg om jeg ikke skal miste fokus.

Så begynte jeg på Hvorfor er jeg så redd? i forrige uke, men la den fra meg (litt usikker på hvorfor), og gikk over til Nils-Øyvind Haagensen skriver. Den liker jeg også veldig godt. Har planer om å ta opp igjen Hvorfor er jeg så redd? etterpå.

Og så har jeg jo fulgt ham på Flamme-bloggen ei stund. Noen stykker der er veldig poetiske, som den fine nekrologen til David Foster Wallace.

Anonym sa...

Jeg syns det er flott at du forfekter verdiene som du forfekter. Det er ikke det samme hva du leser, syns nå jeg da. Og så syns jeg det er fint å stå for noe. Gjerne noe med kvalitet. Og det gjør du :-)

Aina Basso sa...

Møt meg (osb) har eg ikkje lese. Eg har det litt omvendt frå deg. Eg vil heller lese dikta hans enn prosaen. Men miksen er veldig fin. Og eg ser ikkje vekk frå at eg også les prosaen seinare ein gong.

Hvorfor er jeg så redd? er litt tyngre enn Nils-Øivind Haagensen skriver og Enkelte dikt, ikkje like fengande, ein meir depressiv grunntone, synest eg. Eg likte ikkje den like godt som dei to.

Eg følgjer også litt med på Flamme. Mykje kjekt å lese der.

Aina Basso sa...

Ståle:
Det er bra du synest det er bra. Eg vil ikkje vere nedlatande overfor folk med anna litterære smak enn meg, men det betyr jo ikkje at eg kan seie kva eg sjølv meiner. Sak, ikkje person, osb. Kjenner mange flotte folk med dårleg litterær smak, eg. Haha.

Anonym sa...

Jeg er også blitt inspirert og neste gang jeg er på biblioteket tar jeg en kikk. Det må da være lov å bli slukt av leseglede?

Aina Basso sa...

Det må det vel! Kor hadde vi elles vore?