21. oktober 2008

Bokbud

I morgon skal eg vere med på mitt første bokbad.
Det skal vere i ei bu, eller bud, som vi seier på dei kantar, altså ei sjøbu(d), og det skal bli fole kjekt.

Det er fleire forfattarar enn eg som skal vere med, mellom andre Marit Kaldhol.
Kl. 19.00 på Johansbuda på Valderøya, altså, for dei som er på rette kanten og i rette lunet.

2 kommentarer:

*** sa...

aina du, lov meg at det ikkje blir noe faktisk bad på deg ute på valderøya i dag! ikkje eingong _litt_!

det var interessant å høyre at dei kallar buer for buder. trur du at Bud i Fræna har namnet sitt frå dette?

Aina Basso sa...

Det klarte eg lett å love! Det var så kaldt og surt der ute, at! Hadde ikkje vore særleg kjekt å hamne i sjøen.

Det kan godt hende det er difor. Eller fordi det har vore ein stad med mange gjestebod? Kven veit. Du får spørje lokalhistorikarane der!