14. september 2008

Tilbake til Don DeLillo

Som dei merksame lesarane kan ha fått med seg, har eg svært lenge halde meir eller mindre på med å lese Don DeLillos Americana. Eg har hatt henne på nattbordet så lenge at faktisk trur det nesten er rekord. Andre bøker eg har drive på med så lenge, utan å gi opp på, kan eg telje på ei hand.

For ofte gir ein opp slike bøker det tek sånn tid å lese. Ein orkar ikkje meir, boka fengar berre ikkje, og ein set henne tilbake i hylla. Korfor er det ikkje slik med Americana? Vel, kanskje fordi det ikkje er ei dårleg bok. Eg har lese ut første delen, men litt uti andre stansa det plutseleg opp.

Eg snakka om dette med ei god venninne nyleg, og det viste seg at det var akkurat sameleis for henne. Men heller ikkje ho vil gi boka opp. Heller ikkje ho synest det er ei dårleg bok. Men også for henne stoppa det opp i andre delen.

Saka er at eg byrjar få litt dårleg samvit. Her ligg boka med det vakre omslaget på nattbordet og støvar ned, medan andre bøker får forrang - eg har sikkert lese 5-10 bøker i mellomtida, og medan eg skriv dette kan eg røpe at det ligg heile tre opne bøker på stovebordet, alle har eg lese i i dag.

Eg lover herved at eg skal skjerpe meg, og at eg veldig veldig snart skal fortsetje med Don DeLillo.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Har det sånn noen ganger, jeg også, bøker som ligger og ligger og ligger, som jeg ikke er ferdige med. Men plutselig løsner det igjen, og jeg er glad for at jeg ikke ga den opp. :)

Lille søster sa...

Ja, og ofte er det de beste bøkene det er slik med - bøker som er litt tunge å fortsette med når en har latt dem ligge en stund.
Har du forresten lest Kroppskunstneren av Don DeLillo? Flott bok!

Aina Basso sa...

Det kan hende de har rett! For dei som er dårlege set ein jo berre tilbake i hylla. Eller gir dei bort til ein venn med dårleg litterær smak :P

Eg har ikkje lese noko anna av Don DeLillo - tilrår du?

Lille søster sa...

Ja, absolutt. Jeg har ikke lest noe annet av ham, men hvis jeg har forstått det riktig, er Kroppskunstneren litt annerledes enn de andre bøkene hans. En kvinne som har mistet mannen sin finner en mystisk mann i huset sitt. "En moderne fabel" står det på baksiden av mitt eksemplar. Tror jeg skal lese den om igjen.

Aina Basso sa...

Ok. Korleis er skrivestilen, då? I Americana er han ganske pratsom, og det er kanskje litt av grunnen til at eg treng pausar - det blir litt massivt, rett og slett!

Lille søster sa...

Nei, den er ikke pratsom, heller ganske stram. Så vidt jeg husker - det er flere år siden jeg leste den.

Aina Basso sa...

Ok, det høyrtest litt meir ut som ei bok i mi gate. Skal merke meg den tittelen!