4. september 2008

Fangst

Far min snudde seg og la frå seg pipa i sølvoskebegeret som han sa han ein gong hadde fått av ei prinsesse.
- Er det du? sa han
- Ja, sa eg. Eg tenkte det var like godt å seie det som det var.


Frå 1964 av Ragnar Hovland. Samlaget, 2006.

Eg har vore på bakgardssal. Der var det mykje rart og fint, men eg klarte å begrense meg nokolunde, og enda med følgjande bøker:

Ragnar Hovland: 1964
Ragnar Hovland: Sveve over vatna
Jon Fosse: Melancholia (I og II)
Jon Fosse: Dikt 1986 - 1992
Kjell Askildsen: Thomas F´s siste nedtegnelser til almenheten
Virginia Woolf: En uskrevet roman
Olaug Nilssen: Vi har så korte armar. Tilstandsrapportar

Eg seier meg nøgd, og har allereie, ti minutt etter at eg kom inn døra, lese dei to første kapitla i 1964.

7 kommentarer:

existential cowboy sa...

Eg har vore på det bakgardssalet to gongar tidlegare, og derfor merka eg da eg var der i går, at eg alt hadde kjøpt dei fleste bøkene eg ville ha. Slikt er jo ganske økonomisk oppløftande, i det minste. Og, nei, eg kom meg ikkje heilt tomhendt derifrå - eg fant mykje spennande gammal Jon Fosse for ein billig penge; kven skulle vel t.d. tru at det fanst ei lita kortprosasamling der, inni det svære slottet av bøker han har skrive!

Aina Basso sa...

Kva for noko av Fosse kjøpte du då? Og kva for ei var den kortprosasamlinga du nemner?

Anonym sa...

Tror du jeg kan få tak "offa" der?

Aina Basso sa...

Nei, den er ikkje på nokon av dei forlaga som har sal, dessutan er ho jo heilt ny. Blir iallfall ikkje dumpa før om eit par år. Men ho er på biblioteket!

Jørn Roeim sa...

Bakgårdssalg både her og der. Noen ganger er det litt dumt å ikke bo i Oslo.

existential cowboy sa...

Den boka heiter "Prosa frå ein oppvekst" og er frå 1994. Eg veit ikkje kor bra den er enno, men kanskje eg bloggar om det ;)

Aina Basso sa...

TM:
Oslo har sine fordelar på fleire frontar, men det har då andre stadar i landet, òg!

Rune:
Ja, gjer det!