8. august 2008

Siste smakebit

Frå baksideteksten på Ingen må vite:

«Her,» seier han og dreg fingrane gjennom håret hennar. Plukkar ut eit strå.
Fingrane hans glir inn i det mjuke dunhåret i nakkegropa. Han gnir fingertuppane mot hovudbotnen, masserer nakken.
Ein storspove lettar. Det finst ingen andre.

Året er 1734. Ingeborg dett på isen, og på isen står Mikkel og hjelper henne opp. Ingeborg byrjar å drøyme om han om nettene, tenke på han om dagane. Men det finst eit hinder mellom dei, ein farleg løyndom som må bli avslørt, og som vil få alvorlege konsekvensar for alle involverte.

Ingen kommentarer: