11. august 2008

Harry-helg

Det var godt å ta eit par rolege dagar denne helga, etter å ha vore på reisefot og hatt nokre hektiske dagar dei siste vekene. Verken laurdag eller søndag sette eg fot utanfor døra, med unntak av laurdagskvelden, då eg sette foten både utanfor mi dør og innanfor ein del andre dører, og ut igjen, for å uttrykke meg litt kryptisk.
Men tilbake til den rolege biten.

Det blei mykje sitjing og ligging i helga, og grunnen til at det både var så godt og så freistande skuldast, i tillegg til det triste vêret, eit kjært gjensyn med Harry Potter and the Half-Blood Prince. Eg har lese og lese og lese, vatna plantar, rydda litt og lese meir.
I dag då eg stod opp kasta eg eit lengselsfullt blikk på det fargerike bokomslaget, og kjende at eg gler meg til å kome heim frå jobb i ettermiddag for å lese meir. Sjølv om eg veit kva som skjer, sjølv om eg har lese boka to gongar før.

Og etterpå skal eg lese den aller siste boka i Harry Potter-serien, Harry Potter and the Deathly Hallows. Og viss eg likevel ikkje er lei, er det jo berre å byrje heilt på byrjinga igjen, med The Philisophers Stone. Livet er godt.

Ingen kommentarer: