 |
| Utsnitt av julekort |
Som barn kunne eg pusle i timevis for meg sjølv. Eg teikna, klipte og limte, dekorerte øskjer og laga trolldeigfigurar. Frå tid til anna kan eg framleis få denne trongen til å lage noko. Sjeldnare og sjeldnare med åra, men han finst. Til små barn kan eg finne gleda i å teikne, dei er alltid imponerte, same kor skakt og dårleg komponert det er. Til meg sjølv kan eg lage noko enkelt av ull, hekle eit nytt sjal eller ei hue, og til dei som betyr noko ekstra for meg kan eg lage eit personleg kort, berre fordi eg har lyst til det.
Det finst ei glede i å skape noko. Sjå noko bli til. Sjå ei hue stige fram av ein lang tråd. Sjå eit kort bli til av utklipp frå aviser og blad. Sjå korleis eit kvitt ark kan bli noko heilt anna om ein berre arbeider litt med det. Eit kjærteikn, kanskje. Eller berre ei helsing.