Eg var ikkje spesielt oppvakt med tanke på lyrikk då eg var barn og ungdom. Kanskje ikkje så rart. Det var ingen spesielt lyrikkinteresserte folk rundt meg, eg hadde ingen til å tilrå dei gode bøkene, foreldra mine las ikkje noko særleg av den sorten, så utvalet avgrensa seg til det eg fann i lesebøkene på skulen.Det var to dikt eg likte spesielt godt. Det eine var Lykke av Inger Hagerup, og det andre Den dag kjem aldri av Aasmund Olavsson Vinje. Begge fine dikt, eg liker dei framleis.
No har eg funne eit anna dikt av Inger Hagerup, eit litt mørkare dikt, litt sårare.
Jeg er det dikt
Jeg er det dikt som ingen skrev.
Jeg er det alltid brente brev.
Jeg er den ubetrådte sti
og tonen uten melodi.
Jeg er det stumme leppes bønn.
Jeg er en ufødt kvinnes sønn,
en streng som ingen hånd har spent,
et bål som aldri er blitt tent.
Vekk meg! Forløs meg! Løft meg opp
av jord og berg, av ånd og kropp!
Men intet svarer når jeg ber.
Jeg er de ting som aldri skjer.
