21. februar 2020

Fæle menn og troll til kjerringar

I 2013 las eg den svenske ungdomsromanen Pojkarna av Jessica Schiefauer, som var nominert saman med min roman Inn i elden til den første barne- og ungdomslitteraturprisen til Nordisk Råd, og eg var ganske sikker på at det var Pojkarna som kom til å stikke av med sigeren, men slik blei det altså ikkje (og ikkje blei det eg, heller).

Eg hugsar at eg likte delar av boka veldig godt, det er ei original og fargerik skildring av nokre unge veninner som drikk nektar frå ein spesiell blomst, som gjer dei til pojkar om natta. Eit innslag av noko fabel-aktig der, altså. Og språket er godt, skildringane fine.
Eg var for så vidt med på premisset for historia, men reagerte sterkt på korleis alle av hankjønn blei skildra gjennomgåande negativt gjennom heile boka. Ein fråverande, tafatt far, gutar som ikkje tok fem flate øre for å behandle jenter dårleg, tafse, vere ekle, endåtil valdta om sjansen baud seg.
Eg hugsar eg blei overraska over at ingen kritikarar nemnde dette misforholdet mellom korleis jenter og kvinner blei skildra, og kva eigenskapar dei mannlege karakterane i boka hadde.

Lite visste eg då, at eg skulle gjere det same sjølv. I haust kom Ungen ut, ein roman om kvinner, der menn berre finst som bipersonar, i fortida eller i periferien.
No er ikkje kvinnene eg skildrar i boka særskilt gode, dei fleste av dei. To av karakterane, inkludert hovudpersonen min, Anna, endar som barnemordarar. Men det var først då meldaren i Stavanger Aftenblad påpeikte det, at eg innsåg at alle menn som er skildra i boka, er skildra gjennomgåande negativt.
Vi har den harde, kjærleikslause faren, den egoistiske barnefaren som forlét hovudpersonen åleine med to ungar og bruker opp alle pengane hennar, den drikkfeldige og hardhendte ektemannen til Pauline, den tafsande sjefen på Hjula veveri, og alle dei meir perifere mennene som vil berre ha seg noko og berre tenker på seg sjølve.

Først blei eg irritert over lesinga, som eg meinte var eit villspor. I denne boka er jo ingen gode, så korfor skulle mennene absolutt skine som stjerner? Men eg ser det sjølv også, når eg tenker etter.
Likevel synest eg ikkje det blir så påfallande som det blir i Pojkarane.
For om alle gutar og menn er så kjipe, og misbruker makta si slik dei gjer, korfor vil desse jentene så absolutt bli gutar sjølve? Og korfor endar dei med å bli slike gutar som er kjipe? Det tenkte eg mykje på etter å ha lese boka, og eg veit enno ikkje korfor.
Men eg gløymde iallfall ikkje boka, og i ettertida er ho også komen ut på norsk, med tittelen Guttene, og er også blitt filmatisert. Kanskje eg skal sjå den filmen - og kanskje lese boka ein gong til?

Ingen kommentarer: