11. mars 2018

Tove Jansson: Bildhuggarens dotter

Tove Jansson, 9 år
8. mars i år blei markert med skriving av kvinnelitteratur og møte i den likestilte og likekjønna lesesirkelen vår, der vi diskuterte Tove Janssons første bok for vaksne frå 1968, den sjølvbiografiske barndomsskildringa Bildhuggarens dotter. 

Begge foreldra til den finlandssvenske forfattaren, kunstnaren og illustratøren Tove Jansson var kunstnarar. Faren var bilethoggaren Viktor Jansson og mora var teiknaren og bokillustratøren Signe Hammersten Jansson.
Sjølv er Tove Jansson mest kjend for bøkene sine om Mummitrollet, men i dei seinare åra er det også mange her til lands som har lese ein av dei andre vaksenromanen hennar, Sommarboken, der Signe Hammersten Jansson var modell for den leikne og eksentriske farmora i boka, og niesa Sophia var modell for jentungen.

Eg las Sommarboken for nokre år sidan, utan å bli like vilt begeistra som eg har registrert at mange andre er blitt. Difor hadde eg ikkje så veldig høge forventningar då Kristine bestemte at neste bok ut i sirkelen var Bildhuggarens dotter.
Men heldigvis blei eg svært positivt overraska!

Boka er bygd opp av ei rekke tematiske kortprosatekstar som til saman dannar eit bilete av det ytre og indre livet til ei fantasifull lita jente, som veks opp i Helsingfors saman med far som er bilethoggar, mor som er teiknar og ein veslebror som nesten ikkje er til stades - og ei lettsindig kokke, ein vilter apekatt, farens kunstnarvenner og mange andre karakterar.
Mykje av handlinga i boka føregår også på eit sommarhus på ei øy, der jentungen går på oppdagingsferd og på sjølvstyr.

Tonen i boka er både poetisk, humoristisk og truverdig barnleg. Tove Jansson ser verda gjennom auga til det vesle barnet og gjentek veslevaksne frasar vi som vaksne lesarar forstår at jentungen har høyrd frå dei vaksne ho har rundt seg, mest truleg frå foreldra sine.
Jenta har ein livleg fantasi, eit blikk for det magiske i verda omkring seg og får leve eit fritt barneliv, på ein måte knapt nokon ungar lenger får i dag.
Som lesarar får vi vere med henne der ho ligg og spionerer på faren som festar med kunstnarvennene i atelieret, på oppdagingsferd på sommarøya i gryotta, medan ho trillar ein diger kolklump med glitrande sølv i seg gjennom gatene i Helsingfors eller der ho saman med kokka legg smykka til mora i bekken, i håp om at dei skal mangfaldiggjere seg - og begge blir like overraska då smykka er vekk dagen etter.
Og som alltid hos Tove Jansson får både lyset og mørkret plass i forteljinga. 

Det er ei varm og sjarmerande skildring av ein barndom for om lag 100 år sidan og ein oppvekst i eit bohemsk kunstnarmiljø, som eg trygt kan anbefale både dei som tidlegare har lese Tove Jansson og dei som enno ikkje har gjort det.

Ingen kommentarer: