24. oktober 2016

Leseprosjekt: frå kvinnekamp til klassekamp (2)

For ei tid tilbake skreiv eg eit innlegg om to bøker frå syttitalet som eg har lese, i sjangeren «kvinnelitteratur». Eg ville fortsette leseprosjektet og lånte to bøker til, Jenny har fått sparken av Toril Brekke og Vi klarer det! av Mari Osmundsen.

Eit lite stykke uti Jenny har fått sparken blei det svært tydeleg at dette ikkje var heilt det eg var ute etter, nemleg bøker som skildra kvinners kår i samtida og framveksten av kvinnerørsla. Derimot er dette ei politisk og ikkje så reint lite propagandistisk bok om streik og arbeidarrørsle, som eg vil tru i stor grad fronta politikken til det kommunistiske partiet AKP m-l.

Handlinga i boka krinsar rundt den eldre fabrikkarbeidaren Jenny, som ikkje klarer å halde same tempo som dei yngre kollegaene, særleg ikkje då brødfabrikken skaffar seg ei ny kavringmaskin. Jenny får sparken, men dei andre kvinnene finn seg ikkje i dette, dei slår ring rundt Jenny og etterkvart går dei ut i streik for at Jenny skal få jobben sin tilbake. 

Det var interessant å lese boka, men eg kjende ikkje behovet for å lese endå ei propagandistisk streikebok, så eg har lagt vekk Mari Osmundsen. Eg kjenner meg likevel ikkje ferdig med å lese bøker skrivne av kvinner, for kvinner, om kvinner frå tidlegare tider.

Opp gjennom åra har eg sett pris på å lese mellom andre Jane Austen, Amalie Skram, Sigrid Undset, Lucy M. Montgomery, Sylvia Plath, Virginia Woolf, Doris Lessing, Ebba Haslund, Eva Ramm, Bjørg Vik og Liv Køltzow - som alle på ulike vis skildrar kvinneliv i si eiga samtid.
Men kven andre bør eg lese? Kven bør eg lese frå 1940, - 50 og -60-talet, til dømes? Og kven skreiv godt om dette på 1980-talet?

Kom gjerne med tips!

Ingen kommentarer: