27. april 2016

Heksejakt

Illustratør: Christian Bloom
Til hausten blir eg debutant, igjen. For tredje gong. Denne gongen med sakprosa - eller faktabok - for barn.

Hovudmålgruppa er 9-13 år, men sjølv tenker eg at 9-99 år er ei mykje betre målgruppe, for dette er verkeleg spennande stoff!

Heksejakt handlar om hekseprosessane i Noreg og Europa ca. 1400-1700, med mange døme frå verkelege heksesaker både her i landet og frå fleire andre land.
Frå Jeanne d'Arc til dei to pur unge søstrene frå Vadsø.
Frå runer og trollmenn på Island til heksejakta i Salem i 1692.
Frå kloke koner som les bøner over salt, til djevlepakt og heksesabbat på Lyderhorn!

Boka blir illustrert av dyktige Christian Bloom og inneheld i tillegg fleire historiske illustrasjonar, som viser korleis 1500- og 1600-talsmenneska såg for seg at djevelen og heksesabbaten gjekk føre seg.
Og professor Liv Helene Willumsen ved Universitetet i Tromsø har vore fagkonsulent.

Eg gler meg!

Ingen kommentarer: