11. februar 2016

Hekser, lesing og mørketidskrim

Islandsk krim funkar bra i mørketida. Her frå Innesperret som går på NRK
Det har vore stilt frå meg ei stund, og grunnen er at eg har hatt skriveinnspurt fram mot innlevering av førsteutkastet til sakprosaboka mi for barn/ unge om hekseprosessane. Eit veldig spennande prosjekt å arbeide med, men mykje å setje seg inn i, når ein vil gjere det skikkeleg.

Eg har mellom anna leitt opp mange 'heksehistorier' frå både Noreg og andre europeiske land, som eg gjengir i boka, slik at dei unge lesarane skal få eit innblikk i kva som faktisk føregjekk i desse hekseprosessane; kva tiltalane gjekk ut på, kva vitna og dei tiltalte sa i retten og kva utfallet i sakene blei.
Ofte blei det dødsdom, og ofte enda historia på bålet, men mange tiltalte fekk også mildare straffer, og nokre blei frifunne.
For dei som er interesserte i å lese avskrifter av originalkjeldene til dei norske hekseprosessane, kan eg anbefale denne nettsida der de kan søke på stad, årstal, namn, osb. Ikkje alle hekserettssakene er der, men veldig mange.

I tillegg til skrivinga, blir det mykje lesing på meg. På dagtid tårnar faglitteraturen seg opp rundt meg, men om kveldane har eg halde meg til iPaden så langt i år, og fortsett lesinga av god, norsk samtidslitteratur.
No er eg snart ferdig med De urolige av Linn Ullmann, som eg liker svært godt å vere i, og eg er også halvvegs i både Din, alltid av Gøhril Gabrielsen og Historie om et ekteskap av Geir Gulliksen, som eg har lånt frå ebokbib.no.
I tillegg ligg det ein bokstabel på nattbordet, som eg snart skal vende tilbake til, mellom anna Songfuglen av Jan Roar Leikvoll og Den lille hesten av Thorvald Steen.
Mykje god lesing, med andre ord!

Ein biverknad av å lese Ullmann, er at eg har fått veldig lyst til å sjå opp att gamle Bergman-filmar, mellom anna Scener fra et ekteskap og Saraband, som eg alltid har likt svært godt, der både Liv Ullmann og Erland Josephson gjer strålande roller. 
Filmar og seriar er jo viktige ingrediensar i mørketida, og eg har mellom anna blitt biten av true crime-basillen og sett dei skakande seriane Making A Murderer og The Staircase.
I det siste er eg blitt hekta på ein fiksjonskrimserie, nemleg den svært gode, islandske serien Innesperret som går på NRK.
Ekstra fint å sjå, no som eg har vore både på Island og Færøyane og blitt litt kjent med landskapa, språka og folka der ute i havet.

Ingen kommentarer: