14. september 2015

Siste nytt frå bokhausten

For ein månads tid sidan skreiv eg eit innlegg om bokhausten, og om kor stor forskjell det er på bokhausten for ein forfattar som har bok og ein forfattar som ikkje har det.

Eg har ikkje ny bok i haust, men eg har likevel ei ny utgjeving på trappene. Inn i elden kjem nemleg på fransk 14. oktober, under tittelen De la part du diable. Det er Editions Thierry Magnier som gir ut boka. Dei har tidlegare gitt ut andre norske forfattarar, som Bjørn Sortland, Endre Lund Eriksen og Maria Parr, for å nemne nokre. Eg kan ikkje fransk sjølv, men gler meg likevel til å forsøke å lese litt og er spent på om utgjevinga vil få noko merksemd i Frankrike eller ikkje.

Omslaget er iallfall veldig flott og eg har hatt god dialog med omsetjaren Pascale Mender undervegs i arbeidet med den franske teksten. Det har vore interessant å få innblikk i hennar arbeid og til dømes sjå kva som ikkje er like innlysande for ein fransk lesar som det er for ein norsk.

I dag fekk eg vite at også den danske utgåva, som får tittelen Ind i ilden, er rundt hjørnet. Turbine forlaget vil gi den ut kring årsskiftet 2015/ 2016. Den kan eg iallfall lese sjølv! Turbine gir også ut bøker av mange andre norske forfattarar, mellom andre Tom Egeland, Hilde Hagerup, Harald Rosenløw Eeg, Ingvar Ambjørnsen og Vigdis Hjort.

Kjersti Instefjord, Marit Kaldhol og eg
Noko anna som kan skje ein bokhaust eit års tid etter at ein har gitt ut si førre bok, er at det kan dukke opp prisar. Og det er jo veldig gøy! Eg har tidlegare skrive om kor kjekt eg synest det er at Finne ly kom på kortlista til Bokbloggerprisen 2014 - særleg saman med Marit Kaldhol, som eg både er ven og fan av, og som gir ut bøkene sine på same forlag som eg.
Denne prisen blei - som mange av dykk veit - delt ut i helga, og gjett kven som blei kjempeglad då ho vann! Min første lesarpris!

Ingvild H. Rishøi fekk prisen i open klasse for Vinternoveller, som første bokmålsbok så langt. Ikkje verst utteljing for nynorsken, det. Men sjølve prisen var jo eigentleg lik for alle oss nominerte, nemleg samlesinga av bøkene våre og den store synleggjeringa det inneber, noko som er stadig meir viktig i ei tid der avisene kuttar i bokstoffet og kjendis- og bestseljarfokuset blir større og større både i media og i bokhandlane.

Samlaget er sjølvsagt glade for å vinne romanprisen for andre år på rad, i fjor var det som kjent Agnes Ravatn som fekk den aller første prisen for sin roman Fugletribunalet, medan Ruth Lillegraven fekk prisen i open klasse for diktboka Urd.

Det blir interessant å følgje prisen vidare. Kanskje hiv eg meg også på ei samlesing eller to, sånn i det stille og på eiga hand.

Foto: David Aasen

1 kommentar:

aariho sa...

Gratulerer med bokbloggerprisen! Vel fortjent! Og så spennande med fransk bok da!