6. februar 2015

Nordisk barnebokkonferanse

Denne veka var eg på Nordisk barnebokkonferanse i Stavanger saman med resten av styret i Norske barne- og ungdomsbokforfattere og nesten 400 andre, og det var ei veldig fin oppleving. Stavanger viste seg frå si beste side, med strålande sol og gneistrande kulde.

På Breiavatnet sat fuglane på den blanke isen.

Inne på Sølvberget, der konferansen føregjekk, var det mange gode opplevingar for oss som sat i publikum. For min del fascinerte spesielt biletbokpostane, særleg var det kjekt å få kjennskap til to nordiske biletbokskaparar, danske Lillian Brøgger og svenske Anna Höglund, som saman med norske Kaia Dahle Nyhus blei intervjua av Svein Nyhus.

I tillegg var det eit høgdepunkt å oververe intervjuet av fjorårets ALMA-prisvinnar Barbro Lindgren, som viste seg å vere ein humoristisk og sympatisk forfattar som hentar rått frå røyndomen i bøkene sine. Eg har ikkje lese mange bøker av henne, men hugsar kor godt eg likte bøkene som på norsk heiter Superhemmelig og Topphemmelig då eg var yngre, som eg først no forstod at er sjølvbiografiske romanar. Desse skal eg leite fram og lese opp att neste gong eg er heime på Giske.

På ungdomsboksida var det dystre og dystopiane som var i fokus. Dystopiar er visst den nye trenden innan ungdomslitteraturen, som har teke over etter fantasy, vampyrar og zombiar, kanskje? Sjølv har eg ikkje lese særleg mange dystopiar, berre The Road av Cormac McCarthy og Fiolinane av Jan Roar Leikvoll, dersom ein kan kalle dei dystopiar - begge nokså deprimerande, men vakre vaksenbøker. Eg er nok likevel mest interessert i den gode, gammaldagse realismen, stikk i strid med alle trendar.

Eit anna interessant punkt på programmet var møtet mellom Simon Stranger og hans koreanske og svenske omsetjarar. Det er alltid interessant å sjå og ikkje minst høyre korleis ei bok endrar uttrykk når ho blir omsett, men forhåpentlegvis likevel beheld sin eigenart, og det var særleg interessant å høyre korleis ungdommen i Korea hadde motteke Barsakh.

Lillan Brøgger
Anna Höglund
Ifølgje den koreanske omsetjaren er koreansk ungdom mest opptekne av skulearbeid og karakterar, og denne boka har vore ein vekkar for mange om kva som føregår i verda, og har skapt eit sosialt engasjement hos mange unge lesarar.

Det er jo ikkje verst.

3 kommentarer:

aariho sa...

fint når barnebøker kan gje positivt engasjement. Eg er ikkje særleg glad i dystopibøker, verken for voksne eller for ungdom. Fiolinane var ei velskrive bok, men eg likte den ikkje.

Aina Basso sa...

Ja, desse konferansane er veldig viktige for alle oss som driv med barne- og ungdomslitteratur, og at det også finst litteraturfestivalar som viser fram den gode og mangfaldige barne- og ungdomslitteraturen (som Pegasus på Lillehammer, Falturiltu på Stord og Barnebokfestivalen i Grimstad, for å nemne nokre) er gull verd.

jef sa...

fin blogg Barne tv bør være livlig å morsomt
man skal ikke dra de små barna in i den voksne værden
besøk meg her tilbudsvarer.blogspot.no