30. november 2014

Byrjinga

Dag og Tid, 21.11.14
Førre veke trykte Dag og Tid byrjinga på Finne ly og bad meg seie nokre ord om korfor eg valde å byrje romanen nett slik. Dei fekk ikkje plass til heile opninga i den smale avisspalta si, men her er den første sida i sin heilskap, det eg sa til avisa, og litt meir om korfor opninga blei nett slik ho blei - for det tok det nemleg litt tid å kome fram til, for byrjingar er viktige, dei skriv eg helst ferdig til slutt.

«Ei kråke flaksar over hustaket. Eg bankar tre gonger, så
står eg på trammen og kikar på den stengde døra. Eg bankar
igjen. Ikkje ein lyd frå huset.
 

Eg går ned på tunet, tek meg ein runde og legg merke
til nokre krøter på ei eng bortved skogbrynet, dei går der
så fredeleg og tygg, med årete, stramsprengde jur. Eg høyrer
ei jamn hogging frå skogen, snur meg etter lyden, men
får ikkje auge på nokon der inne.
 

På tunet står ein hoggestabbe med ei blankkvest øks i,
det ligg nykløyvde kubbar nedom, ei svak lukt av kvae. Eit
ekorn hoppar ned frå den store furua på tunet, tek nokre
raske byks mot stabben, hoppar opp på han, snuser litt på
øksa og bykser vidare. Eg kjenner som eit nærvær frå
tømmerhuset, så eg går opp på trammen igjen, listar meg
fram til døra og legg øyret innåt, vil høyre om det står
einkvan på andre sida og lyttar, som eg, men det kjem
ikkje ein lyd.
 

Eg bankar ein gong til, og no høyrer eg det endeleg romstere
innanfor. Døra går opp. Ein gamling kjem fram i
lyset, og ein yngre mann står bak han i den mørke gan -
gen. Auga til gamlingen er fjerne, som er det ikkje meg
han ser, men ei verd utom alt, eller innom.
 

Eg er Hanna, seier eg. Eg kjem for å søke teneste.»

Til Dag og Tid sa eg:

Sidan romanen føregår i skogen, ville eg byrje med at den eine hovudpersonen, Hanna, kjem til den einbølte garden langt der inne. Eg ville setje stemninga. Stilla, einsemda, eit ekorn som byks over tunet, nokon som høgg i skogen, ute av syne, ei kjensle av nokon som følgjer med bak mørke vindaugsglas.

No som eg har litt meir plass til rådvelde, kan eg legge til at opninga eigentleg var veldig mykje lenger. Eg følgte Hanna heilt frå Kristiania og heile vegen nordaustover mot Finnskogen, gjennom skogar og over sjøar, heilt til ho kom til bygda og fekk skyss med ein tømmerkøyrar innover i skogen.

Den opninga som står att er for meg eit døme på kor effektivt det kan vere å kutte, og at det ikkje er noko å vere redd for. Den opphavlege byrjinga, som sikkert var på ei fem-seks sider før det som no er starten, er blitt redusert til nokre setningar, og eg synest det fungerer betre å starte rett på, enn å byrje i byen med at Hanna rømmer frå tukthuset, slik eg hadde tenkt, sjølv om det ville trekt ei fin linje til Fange 59. Taterpige og ei anna reisande, ung kvinne.

Ein del av det eg likte frå den opphavlege byrjinga kjem att seinare i boka, anten som tilbakeblikk, eller i ein heilt ny samanheng. «Kill your darlings,» som William Faulkner formulerte det, får vere mottoet. Det er iallfall det for meg.

Ingen kommentarer: