25. oktober 2014

Det polske

Kampen for tilværelsen
To førekomstar er ikkje nok til å danne ein trend, men møtet mellom polakkane som er komne til Noreg i aukande tal dei siste åra, og det norske samfunnet, er i alle høve skildra både i ein av haustens gode romanar og i det som eg meiner må vere ein av tidenes beste norske tv-serie. Eg tenker sjølvsagt på romanen Et norsk hus av Vigdis Hjorth og serien Kampen for tilværelsen som går på NRK i desse dagar og er skriven av Erlend Loe, Per Schreiner og Bjørn Olaf Johannessen. 

I Kampen for tilværelsen følgjer vi den polske lingvisten Tomasz, som kjem til Oslo og Ullevål hageby for å finne den ukjende faren sin. Han treffer raskt på ei polsk arbeidsgruppe og tek ymse jobbar som handverkar, sjølv om han ikkje akkurat er skulert i noko praktisk fag.  Skildringa av det vesle polske miljøet Tomasz blir ein del av har møtt både bifall og motbør frå polakkar i Noreg, og skildringa av miljøet i Ullevål hageby er blitt møtt med kritikk frå ein av hagebyens eigne bebuarar, Ketil Rollness. Men for meg som står utanfor begge miljøa er det lett å sjå at skildringa til dels er både komisk og satirisk, samtidig som eg får sympati for fleire av karakterane og deira livskamp i velstandssamfunnet på Oslo vest.

I Et norsk hus møter vi tekstilkunstnaren Alma, som bur i eit stort tømmerhus i eit fint strøk utanfor Oslo og som sper på inntektene sine med å leige ut ei leilegheit i huset til ei lita, polsk familie. Alma vil helst ikkje ha noko med naboane å gjere. Ho vil få husleigeinntektene jamt inn på konto og elles drive med sitt, fordjupe seg i arbeidet og kunsten og sleppe å tenke på nokon andre enn seg sjølv. Den kvinnelege leigebuaren går snart berre under namnet «den polske» og blir snarare ein stereotypisk representant for noko «polsk» heller enn eit individ på linje med Alma sjølv. Og problema mellom dei veks.

Eg har tenkt på «det polske» i det siste, tenkt på dei polske arbeidarane som kjem hit, som gjer jobbane billigare enn dei norske, fagorganiserte handverkarane, eller som tek arbeidet vi nordmenn ikkje vil ha, som kanskje har familiar i heimlandet som dei sender pengar til, som bur tett i tett, mange på same rom for å spare pengar. Og ettersom eg sjølv er blitt litt kjend med ein liten, polsk familie og kjent meir på likskapane mellom oss enn det som måtte skilje oss, har eg tenkt endå meir. Dei polske er ein del av samfunnet vårt no, men korleis behandlar vi dei, eigentleg? Korleis ser vi på dei? Og korleis ser dei på oss?

Ingen kommentarer: