16. september 2014

og så kom boka

Bøker 2014
I går tidleg fekk eg sms frå redaktøren min i Samlaget, David Aasen, om at Finne ly var komen frå trykkeriet. Vanen tru tok eg turen ned til forlagshuset i Jens Bjelkes gate i Oslo og fekk eit rykande ferskt og fint eksemplar i handa.

Det er noko heilt spesielt med å halde boka si for første gong, sjølv om opplevinga naturleg nok ikkje er like sterk som ho var den aller første gongen. På førehand er ein redd for at noko skal ha gått gale, at sidene skal vere stokka om eller fargen på omslaget ha kome ut heilt feil.
Like stor er letta kvar gong, når boka ser fin ut, nett slik ein hadde håpa, og ein kan ta boka heim. Legge henne på bordet. Teste korleis ho ser ut i hylla, med ryggen ut. Ta henne fram av og til, bla litt, stryke fingrane over omslaget, stikke nasen inn mellom boksidene.

Dette er den fjerde boka mi, og den andre romanen for vaksne. Det er den første boka med omslag utan menneske på. Det er også ei litt annleis bok enn dei eg har skrive før. Eg har gått inn i historia og karakterane på ein annan måte, og romanforfattaren har vunne terreng over historikaren.

I går byrja eg lese boka på ny, frå perm til perm. For det er ei annleis oppleving å lese ein tekst når han står mellom to permar enn når han berre finst i ein bunke A4-ark eller på ein skjerm med litt for sterkt lys. Eg les alltid boka mi frå perm til perm når eg får henne, for å sjå kva eg har laga, for å få henne til å setje seg i meg.

8 kommentarer:

amo sin blogg sa...

Gratulere med ny bok Aina !
Gler meg til å lese.
Klem frå Anne-Mari

Aina Basso sa...

Takk, Anne-Mari! Klem tilbake!

Ukjent terreng - Aina sa...

Gratulerer med ny roman og takk for ei flott lesaroppleving! Eg er nettopp ferdig å lese "Inn i elden" og tysdag skal vi ha boka som tema i ein av leseringane eg er med i. Det vert nok ein interessant kveld med gode diskusjonar. Lukke til med bokhausten!

Aina Basso sa...

Takk for hyggeleg kommentar, Aina! Hadde vore interessant å vere fluge på veggen når de diskuterer "Inn i elden" :)

Ukjent terreng sa...

Hei igjen :-) Det vart ein kjekk kveld med boka di i fokus. Felles for oss alle var at vi likte boka di godt, og vi snakka mykje om det flotte språket ditt! Artig at ei som ikkje er særleg glad i å lese nynorske bøker ikkje hadde tenkt over at det var nynorsk før vi snakka om det i går ;-) Fleire hadde eit håp om at Dorothe kanskje var den historiske personen som markerte starten på slutten av hekseprosessen.. Til slutt er eg beden om å helse frå alle 8 i leseringen og takke for leseopplevinga:-)

Aina Basso sa...

Det var jo ein veldig hyggeleg rapport! Ikkje verst at alle likte boka. Det er sjeldan vare i min eigen lesesirkel :)

familie Poutsma sa...

Hei, hadde aldri høyrd om deg før, men har akkurat lese ferdig "Finne ly". For ei fantastisk bok!!! Eg kjem heilt sikkert til å lese meir av deg!
Helsing, Barbara

Aina Basso sa...

Hei, Barbara! Tusen takk for hyggeleg tilbakemelding. Beste helsing frå Aina