17. juni 2014

Finne ly


Skogen syg meg inn i seg og lukkar seg rundt meg, slik han løynde meg då eg trong han, eit ly mot dei som jaga meg. Det kunne gått så gale, alt saman. Men så gjekk det godt i staden, og no er eg her.  
 
Omslag: Aud Gloppen, Blæst design
Omslaget på den nye romanen min er endeleg ferdig!   

Finne ly er ei bok eg har arbeidd med, av og på, sidan 2009 og boka heng tematisk saman med Fange 59. Taterpige frå 2010. Planlagt utgjeving er 15. september 2014.

Her er litt om boka, slik det står i katalogteksten til forlaget:


Finnskogen, 1849. Hanna søker teneste hos ein enkemann med to søner. Karfolket på garden har ikkje mykje til overs dei som er av reisande slekt, så Hanna må halde tett om opphavet sitt. Den yngste sonen, Johannes, får eit godt auge til henne, men odelsguten står i vegen for forsøket hans på å nærme seg. Fordommar, frykt og sjalusi veks fram, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verd om han går på kostnad av hennar eigen fridom.

Finne ly er ei forteljing om romanifolkets nære forhistorie, som òg stiller spørsmål kring dagens samfunn og vår tids mentalitet.

4 kommentarer:

aariho sa...

Så spennende! Gleder meg virkelig til denne. Hvilket forlag gir den ut? Lykke til med utgivelsen!

Tine sa...

Jeg elsket Inni elden, og gleder meg storveis til å lese hva du har fått til denne gangen :)

amo sin blogg sa...

Gler meg til å lese den nye boka.
God sommar Aina.
Helsing Anne-Mari

Aina Basso sa...

Tusen takk for hyggelege kommentarar!

Boka kjem på Samlaget, som dei tidlegare bøkene mine.

God sommar!