5. august 2013

Eg bygger ikkje byar


SISTE LEDD

Brureparet mor og far.
Bestefar soldaten.
Bror min.

Veggane sine andlet.
Dei som stirde etter meg
med forsegla munnar

spenner ikkje lenger vidjebogar
over stilla mi.

Kor eg enn slår i veggane
tryglar
etter mine dødes vante rørsler

er blikka sogne inn
i fråværet.

Slik vert mine svingingar
stadfesta.

I denne stova, i dette huset
på dette svakt hallande tunet.


DER UTE LOMEN SKRIK

Etter å ha kyst fars kalde panne

har leppene lege her lik
eggeskal på svaberg.

Resten av munnen har lomen teke.

Eg går og lyder langs fjellvatna.
Tek ein og annan fisk.

Lèt han gli levande ned i
skaparverket.


DU SKAL HEIDRE DIN FAR

Trykkjer eg tomlane mot strupehovudet lettar ein ramn
frå far min si gravstøtte.
Lettar eg trykket seglar han inn over steingarden.
Kakkar namnet Gunnar fast.
Trykkjer eg tomlane mot strupehovudet drys det namnedun
frå munnen min.
Lettar eg trykket står eg som hogd i stein.


Frå Eg bygger ikkje byar av Terje Tørrisplass (Samlaget, 2010)

2 kommentarer: