24. februar 2013

Det stille året

Det er kjekt å gi ut ei ny bok, men slitsamt, også. Uroleg. Ein er redd for dårlege kritikkar, eller for å ikkje få nokon. Ein håper boka blir godt tatt imot, men drøymer også om fred og ro, ingen som skal meine noko om ein, eller vil ha noko av ein: stille, alminnelege dagar i kvardagsleg tralt.

I år er eit slikt år ein kan lengte etter. Eit slikt stilt år, utan noko oppstyr eller særleg å vere nervøs for. Nokre oppdrag her og der, nokre skular, nokre føredrag, ein festival. Elles lite. Ingen klumpar i magen for kritikkar i år, no er det andre som skal i elden, no er det andre som må ligge i mørke soverom og engste seg for det ukjende.

Det er godt med slike pauseår. Er så intenst når det står på, mykje glede, men også hektisk og stressande. No senkar skuldrene seg. Eg kjende det her om dagen, tok det plutseleg innover meg: no treng eg ikkje vere nervøs for ny bok på lenge. Samstundes denne drifta. Korfor ønskjer ein elles så veldig å skrive, om det ikkje er for å gjere ferdig endå ei bok?

Det er berre februar, året er langt, eg drøymer om fredelege skrivedagar, mange, mange i strekk etter kvarandre. Eit slikt stilt år ved skrivebordet. Ingenting kan vere betre enn det.

3 kommentarer:

Mette Moen Baatvik sa...

Du skriv det så fint. Stille dagar, dagar med drift. Ord på ord byggjer ein teksten, bygger ein boka.

Karen sa...

Lange skrivedager lover godt for oss som gleder oss til di neste bok allerede:)

Aina Basso sa...

Takk for fine ord!