2. januar 2013

Til pers

Hjula er i gang att, innboksa overfløymest av ymse jobbrelatert e-post, men eg har framleis nokre dagar før eg skal byrje på att i prosjektjobben i Oslo byarkiv, og skal prøve å bruke desse første kvardagane i det nye året til å skrive.

2012 blei eit godt år på mange måtar, særleg kjekt var det at Inn i elden blei såpass godt motteken, men eit godt skriveår kan eg ikkje skryte på meg å ha hatt. Det har gått tregt framover, i den grad det i det heile har gått framover, men no må både eg og manuset til pers, går ikkje å utsetje det lenger.

Lesemessig var eg ikkje heilt på høgget i det gamle året, men ein del av bøkene eg las var til gjengjeld svært gode, dei fleste av dei relativt nye bøker skrivne av norske kvinner. I det nye året vil eg fortsetje å orientere meg i samtidslitteraturen, og sjå litt utover våre eigne landegrenser, også. Men aller først skal eg lese Syngja av Lars Amund Vaage, som var den einaste boka eg fekk til jul i fjor. Forfattarar får sjeldan bøker, men denne gongen insisterte eg på at det var nokre titlar eg verkeleg ønskte meg, og Syngja var ein av dei.


Ingen kommentarer: