23. desember 2012

Øyjul

Giske kyrkje, desember 2012.
Det er jul. Eg har floge over fjellet, gått tur rundt øya, sett svanar her ute for første gong. Eg har teke bilete av kyrkja i vintersol, av fuglespor over verandasnøen og ei gammal julekule mormor fekk av mor mi, då mamma var ei lita jente. Eg har hange henne på juletreet, der ho har hange så lenge eg kan hugse, saman med andre, gamle kuler, nokre frå mor mi sin barndom, andre frå min.

Ute blæs vinden, glasrutene er svarte, men adventsstakane lyser.

Eg ønskjer ei god og fredeleg jul til alle, eg håper de har nokon å feire med og at jula ikkje er ei trist tid, men ei glad ei.

2 kommentarer:

Mette Moen Baatvik sa...

God jul til deg på øya!

Solgunn sa...

God jul til deg også!