2. november 2012

Brageprisen 2012

Som nokre kanskje har fått med seg, har eg vore så heldig å bli nominert til Brageprisen, i open klasse, som i år er vigd ungdomsbøker. Det er altså mi siste bok, Inn i elden, som er nominert. Eg er i godt selskap i klassa mi, både Harald Rosenløw Eeg (nominert for Hunger), Linn T. Sunne (nominert for Lille ekorn) og Arne Svingen (nominert for Sangen om en brukket nese) har fått Brageprisen minst ein gong tidlegare.

Det er også mange andre flotte nominerte i dei andre kategoriane, særleg mykje godt har eg høyrt om Lars Amund Vaages roman av året, Syngja. Utan forkleinelse for dei nominerte, er eg likevel litt overraska - over dei som ikkje er med, og då tenker eg særleg på kategorien skjønnlitteratur for vaksne, som er litt lettare å uttale seg om enn min eigen. Kor blei dei av Per Petterson, Vigdis Hjorth og Trude Marstein? På den andre sida ser eg det som svært positivt at heile to diktsamlingar er nominerte i år, Kjartan Hatløys Kjøkkendikt og Flytterester av Cecilie Løveid. Det blir spennande å sjå kven som stikk av med sigeren. Det kan vel ikkje bli den fjerde kandidaten, Kjartan Fløgstad (nominert for Nordaustpassasjen) som endåtil fekk Brages heiderspris for fire år sidan?

Vi må vente og sjå, nokre av oss meir i spenning enn andre. Utdelinga er 28. november kl. 17 i Gamle Logen.

8 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Jeg krysser fingrene.

Mette Moen Baatvik sa...

Så stas!

GRØNN FRYD HOS MONIQUE - sa...

Gratulerer så mye, så kjempespennende og stas! Tvi-tvi, Aina! Uansett - litt av et steg bare det å bli nominert!

Janicke sa...

Fantastisk! Gratulerer masse, jeg heier på deg!

Aina sa...

Tusen takk for det! Eg synest også det er veldig stas å vere nominert.

Solgunn sa...

Gratulerer så masse med nominasjon. Kjente jeg ble veldig fornøyd da jeg leste hvem som var nominert! Hurra og lykke til! (Du har forresten den grusomme kommentarbegrensningen som gjør at man må prøve seg frem gang på gang før man lykkes med å skrive to riktige ord - hvis man ikke har gitt opp allerede.)

Forfatterfruen Karen sa...

Gratulerer så mye! Jeg håper selvsagt på velfortjent pris til deg:)

Aina sa...

Tusen takk for det!

Solgunn: Ja, eg veit det er travelt, men då unngår eg iallfall spam.