15. oktober 2012

Litteratursymposium

Frode Grytten i pissoaret
Av alle gjengangarane under Litteratursymposiet i Odda, er kanskje Frode Grytten den mest brukte og hyppigaste gjesten på programmet. Han har jo skrive sjølve Odda i fleire av bøkene sine, og på programmet stod både «Bikubegang» med start ved Murboligen, som er det samlande elementet i novelleromanen Bikubesong, og «Fanga i ein Grytten-roman», der oddingen Asbjørn Lauvstad argumenterte for at han var sjølvaste førelegget for ein av karakterane i Saganatt, medan Grytten argumenterte imot. Eg fekk ikkje med meg noko av dette sjølv, men eg har lese Bikubesong og det var overraskande stas å sjå Murboligen i røynda. Der inne blei det forresten arrangert opplesingar i nokre av leilegheitene, noko eg heller ikkje fekk med meg, fordi eg då var reist over fjellet. Eg var nemleg med på skuleprogrammet, og det slutta då helga byrja, naturleg nok.

Det eg derimot fekk med meg, for å kome tilbake til Frode Grytten, var ei noko uvanleg opplesing han heldt i eit nokså uvanleg lokale: arrangementet «Pisspreik» i Smelteverkets gamle pissoar, der han las utvalde delar av Fifty Shades of Grey, høvisk nok modifisert litt, så det ikkje skulle bli for heitt for oss som høyrte på. Det funka.

Eg fekk også med meg eit par andre ting; ein interessant debatt om demens mellom forfattarane Cathrine Knudsen, Gunnstein Bakke og Ulf Karl Olov Nilsson (UKON), ein sjarmerande minikabaret med Marit Tusvik og Hege Rimestad og forfattarmøte med Brit Bildøen.

Viss du vil lese litt meir frå ei som faktisk var på mange av arrangementa eg nemner, og fleire til, kan du klikke HER og lese i bloggen til NRK.

Ingen kommentarer: