14. september 2012

Døra

Magda Szabó
Eg las Døren av Magda Szabó (1917-2007) før eg reiste til Budapest første veka i september. Szabó er ein av Ungarns mest kjende og kjære forfattarar og Døren er ei av berre tre bøker utgitt på norsk så langt. Eg skal nok lese fleire.

Eg veit ikkje kva eg hadde venta meg, men ei skildring av Budapest er boka ikkje, sjølv om handlinga føregår der. Eg-personen i boka, Magda, er forfattar, og ettersom både ho og mannen, som også skriv, har meir enn nok med arbeidet sitt, tilset dei ei hushjelp for å ta seg av det praktiske, førefallande i hushaldninga. Det er denne hushjelpa boka først og fremst handlar om, den eldre kvinna Emerenc, som slett ikkje oppfører seg slik ein ventar av ei hushjelp.

Emerenc er stridsinna, eigenrådig, ein eksepsjonell arbeidar og særs privat av natur. Ho bur i eit hus litt lenger borti gata for arbeidsgivarane sine, i ei leilegheit der ingen får kome inn. Gjester mottek ho ute i gardsrommet, der dekkar ho på og serverer dei lekraste rettar, men døra til leilegheita er stengt for alle nyfikne auge, inkludert hennar eigne slektningar.

Forholdet mellom Magda og Emerenc er prega av motstridande kjensler. I byrjinga er Magda ofte snurt over måten Emerenc behandlar henne på, men ettersom åra - for ikkje å seie tiåra - går, kjem den eldre kvinna stadig nærare henne og speler ei stadig større og viktigare rolle i livet hennar. Sviket må kome, det er knusande.

Døren er eit velskrive portrett av to på mange måtar isolerte og private kvinner, som både blir avkledde i sine minst flatterande stunder, og vist fram i sine beste. Om boka byrjar roleg, blir ho stadig vanskelegare å legge frå seg, og dei siste 150 sidene las eg i eitt strekk dagen før avreise. Ei klok bok det absolutt er verd å bruke tida si på. Magda Szabó var 70 år gammal då boka kom ut to år før kommunistregimet fall i Ungarn. Helen Mirren speler rolla som Emerenc i ei filmatisering av boka frå dette året. Den skal eg sjå.

5 kommentarer:

Karen sa...

Tusen takk for tips om noe som høres ut som ei utrolig spennende og god bok. Denne må jeg skaffe meg!

Aina Basso sa...

Berre hyggeleg! Szabó er verd å sjekke ut. Har også høyrt gode ting om 'Pilatus'

Anonym sa...

Las boka "Døren" nylig og likte den, men er nett ferdig med bøkene "Perla" og "Det usynlge fjellet". Beste bøkene så langt i år og er litt lei meg for at eg ikkje har dei i vente. No ligg boka "De likeglade" av Alberto Moravia og "Dansar med sommarfuglar" av Reyna Grande og lokkar. Har ikkje peiling på kva som ventar,- spennande. Hildegunn H.

Aina Basso sa...

Hei Hildegunn!

Dei andre bøkene du nemner kjenner eg faktisk ikkje til, du får ha gode lesestunder og seie ifrå om det er bra!

Akeleiedamen sa...

takk for boktips! NÅ har jeg selv lest den og skrevet litt om den:)