15. august 2012

Line

Ein ung Axel Jensen
Axel Jensen var forfattar, bohem og eventyrar. Han debuterte på eige forlag i 1955, med fabelen Dyretemmerens kors, men trekte seinare tilbake restopplaget og brende det. Hans eigentlege debut kom i 1957 med Ikaros, som av mange blir rekna som hans beste bok. Mange kjenner til forholdet han hadde til Marianne Ihlen. Dei budde saman på den greske øya Hydra, der ho og Leonard Cohen etter kvart utvikla eit kjærleiksforhold, som også etter kvar tok slutt og resulterte i Cohens vakre So Long, Marianne og Axel Jensens Joacim.

Lesesirkelen har lese hans andre roman, Line (1959), som han skreiv medan han levde saman med Marianne Ihlen. Romanen er ei skildring av eit ungt, hipt vestkantmiljø på femtitalet, proppa fullt av jazz, pengar, overflate og ein heil del rimeleg absurd slang. Jacob er outsideren som har slutta på gymnaset for å reise til sjøs. Etter lang tid vender han tilbake til heimbyen Oslo, men utan å ta kontakt med nokon i familien, verken formyndaren sin på Vestkanttorvet, eller faren som sit innesperra på eit sinnssjukeasyl i Bærum.
Nokså pengelens og forsoffen tek han inn på eit rimeleg hotell, møter den intellektuelle kameratgjengen frå gymnastida på Theaterkafeen og får eit gjensyn med den finaste av dei alle: Line.

Jacob og Line utviklar eit kjærleiksforhold som ikkje berre er enkelt. Han prøver forgjeves å skaffe seg innpass i vestkantgjengen hennar, men outsider-posisjonen, kombinert med ein nokså nevrotisk og usikker personlegdom, fører han opp i desperate og stadig meir umulege situasjonar.

Jensen var kjent for språket sitt, ikkje berre den utprega bruken av slang, men også for korleis han brukte uventa språklege bilete i skildringane. Line var også kjent for eksplisitte, seksuelle skildringar, som nok fekk mange unge menn utan eit snev av litteraturinteresse til å kaste seg over boka.

For ein lesar anno 2012 kan boka vere interessant som historisk tidsbilete, men sjølve forteljinga fenga ikkje lesesirkelen. Jacob framstår som sutrete og usympatisk på dei fleste, ein plaga, ung mann som ikkje ønskjer å ta tak i seg sjølv eller gjere noko for å ha det betre. Eller er det kanskje arven frå far hans som viser seg i ein gryande galskap?

Språkleg kjem den utstrekte bruken av slang i vegen for ein lesar av i dag, uttrykk som "tiss i baret" og "møll" er nokre av dei enklaste variantane å hugse. Eg tviler på at mi eiga mor, sjølv om ho var ung på den tida romanen kom ut, ville ha fått noko ut av det, ho heller. Truleg er slangen miljøspesifikk for vestkant-jazzungdom på slutten av 1950-talet. Noko som elles irriterte meg, var dei hyppige og tilsynelatande inkonsekvente skifta mellom presens og preteritum, som ikkje verkar å vere eit medvite grep frå forfattarens side. 

Om du skal lese boka? Kanskje det er betre å prøve seg på Ikaros.

4 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Slang er alltid farlig i en bok fordi språket blir utdatert. Det gjelder riktignok alt språk på en eller annen måte (det heter seg for eksempel at klassikerne bør oversetter på nytt for hver lesende generasjon), men slang er noe av det som taper seg raskest. Til gjengjeld er for eksempel Line morsom å lese som et tidsbilde. Filmen kan forøvrig også anbefales for den som liker norsk årgangsfilm.

Aina Basso sa...

Ja, eg har lyst til å sjå filmen. Stemmer det at Thoralf Maurstad speler Jacob?

torbjørn hauken sa...

Har lest det meste av AJ og likt alt,men kanskje spesielt 'Epp'. Har du lest den?

Aina Basso sa...

Nei, ikkje enno. Line var min første Axel Jensen, men har Epp i hylla. Det blir den neste gong.