9. mars 2012

Ho, som er ein kobbe, som er ei kvinne

Kiby sett frå Vadsø lufthavn. 29. februar 2012. Privat foto.

Rullebana er glatt, kvelden mørk. Det vesle flyet landar trygt, vi kryp ut av kabinen og hutlar oss over til det vesle flyplassbygget. Bagasjen kjem på vogner, vi må løfte han av sjølv.
Snøen fyk over kvite vidder, fjorden er eit blankt mørker langs vegen. Bilen er varm, middagen ventar: reinsteik og god vin, stearinlys, godt selskap, og ein svart, loden katt som kror seg på golvet.

Eg har reist til Vadsø på miniturné før Finnmark internasjonale litteraturfestival i Kirkenes, og den siste romanen min, Inn i elden, kjem ut medan eg er her. Eg besøker vidaregåande og biblioteket. Eg snakkar om den nye boka, til elevar, til vaksne, til journalistar.

På kiosken og i bokhandelen kjenner dei meg att. Dei spør kva faren min heiter, kor han er frå. Han er herifrå, seier eg, halve meg stammar frå Skallelv og Vadsø. Dei siste to åra har eg vore her om sommaren, i august, for å plukke molter, møte familien, for å bli kjent med landskapet eg alltid har høyrt om.
Eg har aldri vore her om vinteren før, eg blir overraska over kor lyst det er. Skinande sol klokka sju om morgonen. Vi ligg så langt aust, same lengdegrad som Russland, seier dei innfødde. Det er noko eksotisk her oppe. Råskapen og skjørleiken i landskapet, nærleiken til naturkreftene, den korte vegen over til Russland.

Inn i elden kjem også herifrå. I Vardø, ein times tid unna Vadsø, utspelte dei brutale trolldomsprosessane seg på 1600-talet, dei eg har skrive om. I Kiberg bur Elen og mor hennar, og den underlege veslebroren Minus, kva er det med han? Og Dorothe tek skipet til Vardø, heile vegen frå København, saman med ein mann ho ikkje kjenner.
Eg byrja skrive boka medan eg var her oppe sommaren 2010. Vi hadde vore i Vardø om dagen, sett den nye festninga, den frå 1730-talet, og eg hadde byrja hugse historia. At det blei brent hekser her. At Vardøhus len var den staden i Noreg med flest hekseprosessar. Korfor det?

Då vi kom heim til lånehuset vårt i Vadsø om kvelden, sette eg meg i sofakroken og søkte i filene på datamaskina. Eg fann semesteroppgåva eg skreiv om trolldomsprosessane i Finnmark for ti år sidan. Eg las oppgåva, så byrja eg å skrive. Det berre kom, og dette var det eg første eg skreiv, det som starta heile boka:

Ho skaper seg om til ein kobbe. Skinnet mørknar, ho glir gjennom sjøen. Ein kald dag som blenkjer i Ishavet, skarpt blått, kvite brenningar.

Ho glir inntil skipssida og seier trolldomsorda mot det vassglatte treet.
– Prætum, pratum, nestrum, nostrum, kviskrar ho, som er ein kobbe, som er ei kvinne, med glatt skinn under kalde bølgjer.
Straks blæs det opp ein sterk vind frå aust. Bølgjene reiser seg og styrtar innover strendene. Skipet byrjar krenge, det knirkar i skroget, vatnet skummar mot baugen. Ho lyttar til dei dumpe ropa frå mannskapet langt der oppe over bølgjene, smett så vidt over skorpa med snuten og ser hendene deira knipe hardt om ripe og master. Sjøspruten står kring dei, stemmene er desperate på vinden, eit stormkast riv med seg huene frå hovuda. Skipet løftar seg og fell, løftar seg, fell, dønningar høge som åsar. Ho opnar munnen og støyter fram kobbelatteren. Hjartet er varmt av glede. Ho har Sadum i hjartet.
           
Ho sym mot stranda, mot staden under fjellet som er ein blind flekk i landskapet. Kjenner stormen ta seg opp, kjenner den store krafta i vatnet, i dragsuget, i straumane som stryk og trekker i kroppen. Skipet knakar og jamrar, roret spinn, styrmannen roper på fleire menn, men same kor mange som kjem, klarer dei ikkje halde roret att. Ikkje når det er heksestorm på havet. Ho smett lett og glatt mellom bølgjene. Ho, som er ein kobbe, som er ei kvinne.

I fjøra skaper ho seg om og kryp opp på den steinete stranda. Den nakne kroppen er glatt og våt, håret heng som tangklasar frå hovudet. Ho opnar bringa og slepper ut latteren, han rislar opp frå buken, kitlar gjennom brystet, krafsar i halsen. Ho slår ut med armane og slepper han laus over det frodande kavet.

Skipet kjempar mot stormen, det taper, byrjar halle mot sida. Stormen piskar opp havet, riv i henne, i håret, men kan ikkje ta henne: ho herskar over stormen, ho har kalla han hit, henne kan han ikkje røre.
Vinden uler, og latteren hennar flaksar som ramneflokkar over bølgjene. Mannskapet hoppar over bord, dei kavar i dønningane. Ein etter ein forsvinn ned i kavet, snart gir dei opp, kroppane blir slappe, blir førte nedover i djupet med straumane. Viljelaust følgjer skipet bårene mot stranda, blir knust til pinneved mot fjellet. Om få dagar vil halve mannskapet flyte på land i fjøra. Ho vil kome då, og late tårene sine flyte over dei. Ho skal trøyste deira etterlatne, men i hjartet vil ho fryde seg. Ingen veit at det var ho som fekk skipet til å forlise. Ingen andre enn ho og demonen hennar, Sadum. 

2 kommentarer:

Mette Moen Baatvik sa...

Oooh, dette var sterk lesing, Aina. Enn om trolldom fins? :-)

tussi sa...

Så vakkert du skriver. Jeg er nok litt over gjennomsnittlig interessert i hekseprosessene, så må nok sjekke ut boken din snart!