Inn i elden er på veg ut i verda og eg er straks på veg nordover, til Finnmark og den internasjonale litteraturfestivalen i Kirkenes. Men først skal eg ein tur innom Vadsø, som berre ligg ein times tid unna Vardø og Kiberg der handlinga i Inn i elden utspeler seg. Der skal eg lansere boka, som kjem ut 28. februar, og besøke Vadsø vidaregåande skole, Vadsø folkebibliotek, og sjølvsagt den fine familien min som bur der oppe.
Onsdag reiser eg vidare over Varangerfjorden til festivalbyen Kirkenes, der eg skal lese på opningsførestellinga onsdag kveld, bli intervjua på Hurtigruta torsdag føremiddag og ha den siste opplesinga mi saman med den finske forfattaren Rosa Liksom torsdag kveld. Fredag skal eg nyte festivallivet og høyre på dei andre spennande forfattarane som kjem dit.
Eg håper på nordlys.
26. februar 2012
Boklansering og festivalliv
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Gratulerer med boka og lukke til med lanseringa i morgon!
Gratulerer med ny bok, gleder meg til å lese den! :)
Gratulerer så mye med bok! Jeg har fått den i hus og gleder meg til å lese den.
Gratulerer med bok!!! God tur - så spennende.
Og nordlys fikk du! Håper du hadde en flott festival, og at du slapp forsinkelser (det slapp ikke jeg unna...)
Legg inn en kommentar