9. oktober 2011

Vassprøven

Kvinna blir avkledd. Hendene og føtene hennar bundne saman. Ho blir rodd ut på vågen. Ut dit som det er djupast. Vi er mange som har samla oss for å sjå. Krykkjene sirklar og stuper. Tangen vinkar frå botnen. Smidig og langsam. Uvitande om alt som her hender.

To menn tek tak i kvinna og løftar på henne. Dei finn balansen i båten. Han ruggar frå side til side. Det er merkeleg stilt. Ikkje ein lyd frå munnen hennar. Sjølv tilskodarane er tagale.
Eit einsleg plask når kroppen treffer vatnet. 

Flyt ho, er ho trollkvinne. Flyt ho er ho fylt av djevelens vondskap. Då støyter det heilage vatnet henne frå seg. Søkk ho, er ho uskuldig. Teken imot av Guds eige element.
Eg grip Line om armen. Dreg henne til meg. Ser kvinna bli kasta på sjøen. Ser henne dukke under. Eg sluttar å puste. Kva om ho søkk? Vil dei late henne drukne? Tanken min skingrar. Fingrane rykkjer. Der ser eg den nakne kroppen kome opp att. Ligge og duppe i vassflata. Ho flyt. Eit grøss driv gjennom meg. Må riste det av.
Dei ror båten ut dit trollkvinna ligg og duppar og driv. Eg slepper Line. Faldar hendene. Ho krossar seg, som mange av dei frammøtte. Det er framleis underleg stilt. Endåtil fuglane er tagale. Berre bølgjene plaskar mot fjøresteinane. Kantete steinar, glatte av væte.

Ho blir lempa om bord i båten. Blir liggjande på sida i botnen medan båten blir rodd i land. Lyden av årene i vatnet. Den avkledde kroppen hennar. Synleg for alle. Det dryp av håret hennar. Martaum som renn ifrå hovudet. Auga hennar er attlatne. Munnen vrengt i eit grin. Eg snur meg vekk. Knip lommetørkleet mot munnen.

Utdrag frå nytt manus.

11 kommentarer:

Elin sa...

Vil lese boka NÅ!

annemarie sa...

Når kommer denne boka? Denne vil jeg lese selv om jeg aner at tema ikke er av det hyggeligste slaget.

Aina sa...

Hyggeleg å høyre!
Det er ikkje bestemt når ho kjem, men eg håper på vårbok til neste år.

annemarie sa...

Så lenge til? Jaja, ikke noe å gjøre med det. Lykke til i allefall med skrivingen.

Aina sa...

Takk for det, og takk for entusiasmen! Eg gler meg til boka er ferdig.

linesbibliotek sa...

Nydelig skrevet! Jeg fikk lyst til å lese videre med en gang, så denne boken ser jeg fram til. I mellomtiden skal jeg lese Fange 59. Taterpige.

Aina sa...

Takk for det, Line. Kjekt du vil lese!

aapedersen sa...

Lenge sidan eg har vore her no, mykje å ta igjen, kosar meg med å lese om Paristuren. Lukke til med nytt manus!

Aina sa...

Takk for det! Og velkomen skal du vere.

Tone sa...

Å, denne vil jeg lese. Gleder meg til våren.
Jeg har lest dine andre to bøker tidligere, og har likt dem godt. Spesielt debutboka. Og begge har vært med på å hjelpe meg over "nynorsk-kneika" og fått meg til å se at også nynorsk kan være fint og poetisk og lett å lese, i motsetningen til følelsen jeg satt med i norsktimene med terping opp og ned av nynorsk gramatikk...

Lykke til med skrivingen videre, og med lansering når den tid kommer. :)

Aina sa...

Fint å høyre, Tone! Og takk for det.