19. august 2011

Glødepunkt

Eg har lese ei bok som eg elska. Eg er ikkje uhilda, ho som har skrive den er ei god veninne av meg. Likevel: eg tilrår boka, for eg trur ikkje berre det er dei som kjenner forfattaren som vil ha glede av denne, men mange, mange av dykk andre, òg.

Han vert liggande litt på årane, ser opp på garden sin. Liten og forkomen ligg han der oppe på høgda, på kanten av steinbrotet. Dette enorme brotet som grev og grev seg lenger inn mot husa, krummar seg kring markene og gneg litt av dei for kvar dag. Berre ein vel hundre meter frå løda no. Så langt dei kan kome. Der startar garden til Oksen, der ligg steingarden hass oldefar som eit skjold kring Kvennbakkane. Det er dit, men ikkje lenger. Nei, så fan, ikkje lenger.

Frå her ute på fjorden ser det ut som løda står og bikkar heilt ute på kanten. Heng i lause lufta, skjelvande over det olivingrøne gapet nedanfor. Eit krater. Eit verkjande sår som spyr ut grøn materie. Eit gigantisk månelandskap inst i fjorden, midt i bygda. Korleis det stadig veks, vidar seg ut, fangar inn, flatar ut og jamnar med jorda, gjer alt det kjem over om til sand. 

Mineral Vest utvinn olivinsand i den vesle Steinsetbygda, inst i ein fjord på vestlandet. Menneska i bygda lever med bedrifta: lever på, av og med henne, arbeider der, lèt seg øydelegge der. Sjefen Sjølv får ein dag hanka inn ein helsikens svær ordre og arbeidarane byrjar murre endå meir enn før. For å løyse problema leiger bedrifta inn finske arbeidarar, som kjem i ein blå buss og slår seg til i brakkene nede på kaia. Leigearbeidarane er eit friskt pust i den vesle bygda og snart byrjar kvinnfolka å trekke ned til brakkene om kveldane, medan mannfolka blir stadig meir forbanna.

Dette er ein roman om korleis eit lite samfunn blir gjort hjelpelaust i møtet med industrien og kapitalkreftene. Det er ein roman om arbeid, ein roman om å prøve, men ikkje få det til, om dei djupt menneskelege spørsmåla: om å leve eller gå til grunne, om å føre familien og tradisjonane vidare eller mislykkast i forsøket. Menneska vi møter - Oksen, Guttorm og Margunn, Trælen og Brit og Sjefen Sjølv - er skildra med varme og menneskeleg innsikt: sjølv den største staur kan ha gode sider, kan redde livet til ein fugl som ligg fastklemt mot ein silovegg.

Språket er poetisk, rått og frodig. Det er lett å sjå at dette er ein poet som skriv prosa. Det er òg lett å sjå at dette er ein forteljar som skriv poesi. Hilde Myklebust har gitt ut sin første roman. Eg trur ikkje det blir den siste.

Her kan du lese byrjinga på Glødepunkt.

1 kommentar:

sigrid sa...

Så bra!
Gler meg til å lese den :-)