9. juni 2011

Melancholia

Den siste filmen til Lars von Trier er ikkje noko for sarte sjeler. Mi er ikkje så sart, men eg hadde med meg ei som er, og eigaren kjende den eksistensielle angsten kome rennande innover seg etter kvart som filmen skreid fram mot sin uungåelege og dramatiske ende.

Eg har eit ambivalent forhold til Lars von Trier, eg opplever han som svært ujamn. Ofte blir han for spekulativ for meg. Han pirkar ei nål inn i triggarpunkta våre og gir oss sterkast muleg ubehag. Von Trier har gitt meg nokre av dei sterkaste filmopplevingane eg har hatt i unge år, men han har også laga nokre filmar eg ikkje ser poenget i å bruke tida mi på.

Den første filmen eg såg av han var Breaking the Waves, eg var kanskje sytten år, og etter råd frå ei erfaren tante såg eg han åleine på rommet mitt slik at krampegråten min ikkje var synleg for nokon andre. Eg prøvde å sjå Dogville, men syntest han var forferdeleg kjedeleg. Så eg hoppa over Manderlay, kan ikkje eingong hugse når han kom. Men Dancer in the Dark såg eg på kino, eg var kanskje 21, og eg grein, men ikkje så ille som nokre venninner av meg som måtte gå rett heim etter filmen: eg klarte å gå ut og ta ei øl etterpå. Men det kosta.

Direktøren for det hele har eg sett, utan at eg hugsar noko av han. Og Idiotene har eg prøvd å sjå, men aldri fullført. Blei det kanskje for pinleg? Eit halvt minne om at eg prøver å sjå han på tv-en heime hos foreldra mine. Gjekk han på ein filmkanal akkurat idet dei kom heim? Og Antichrist! Eg klarer ikkje eingong førestelle meg at eg nokon gong skal ønskje å sjå Antichrist.

Men no altså Melancholia. Ein estetisk vakker film. Gode skodespelarar. Søkt plott. Veldig langsam. For nokre av oss: for langsam.

For dei ikkje så sarte byr filmen på interessante filosofiske og psykologiske spørsmål: korleis handterer ein den uunngåelege katastrofen, full tilinkjegjering av deg sjølv, alt liv og ein heil planet. Eg trur filmen har rett i det han postulerer: den deprimerte tek det med stor ro, dette er det ho har venta på heile tida, at alt skal gå til helvete. Den 'normale' fell fullstendig saman og taklar det ikkje i det heile. Filmen er snarare ei utforsking av menneskesinnet i møte med katastrofen, enn ein science fiction om undergang gjennom ein uungåeleg trussel frå universet.

For sartare sjeler kan filmen opplevast som svært klaustrofobisk. Som å stå på utsida av livet, sjå på det og føle ein enorm angst for alt det inneber og vite at det ikkje finst nokon utveg. Døden er ikkje ein utveg, for angsten for døden er like sterk som angsten for livet.

Sjølv sat eg att med nokre gamle, gjenopplevde innsikter etter å ha sett filmen. På den positive sida: vi kjem ikkje til å bli treft av ein stor, blå planet. På den negative: vi skal likevel døy og vi kjem til å gjere det åleine.

2 kommentarer:

guffen sa...

Von Trier er rimeleg oppskrytt, ja, men han glimtar til av og til. Du burde sjå (fjernsynsserien) Riket.

Og statistikken er like øren i dag.

Aina sa...

Er ikkje den veldig ekkel?

Hm. Eg forstår ingenting av den statistikkgreia. Du får halde meg oppdatert.