28. januar 2011

Lukta av historie

Eg har kanskje eit romantisk forhold til historie. Realistisk, men romantisk. Likevel tok det mange år før eg skjønte kva historie eigentleg er og ikkje minst: at det er faget for meg.

Historie er så kjedeleg, tenkte eg før. Berre kongar og krigar og årstal. Eg skjønte ikkje at det eg likte med mange av romanane eg las, var at dei føregjekk i ei anna tid. Eg skjønte ikkje at den store draumen om ei tidsmaskin handla om ein lidenskap, allereie som barn, for det som har skjedd før oss, det som var historie. Som i barne-tv-programmet der ein kunne vri på ein lysbrytar og stova endra seg – møblane, menneska, tida. Det magiske i å reise gjennom tid, å oppleve andre tidsaldrar enn din eigen: vikingtida, mellomalderen, barokken. Eller berre femti år tilbake. Kor annleis alt var då.

Det er min eigen utforskartrong som gjer det. Alt eg ikkje kjenner til har eit skjer av magi over seg. Alle bøkene eg ikkje har lese, alle menneska som finst, alle byane, skogane, sjøane. Eller verdsrommet: planetar og stjerner og solsystem, utover og utover, til alle kantar kring oss. Kva finst utanfor universet? Korleis kan noko vere endelaust?

Når eg held eit gammalt dokument mellom hendene, når eg kjenner det tjukke klutepapiret, kjenner den særeigne lukta av støv som har samla seg opp gjennom menneskealdrar, kan eg få eit lite lykkeras i magen. Ja, eg har nok eit romantisk forhold til historiske dokument, til sjølve kjeldene. Eg elskar måten dei luktar på, vekta deira i hendene. Eg liker den snirklete, kanskje gotiske, handskrifta dei er forfatta i. Men aller mest elskar eg glimta av liv eg får når eg les dei. Glimt av det mennesket som skreiv desse sidene, kanskje veit vi ikkje kven det var. Kanskje var det ein sorenskrivar, ein mann. Han hadde eit liv vi kanskje aldri vil vite noko vesentleg om, anna enn når han levde, kor han budde, kven han var gift med, kor mykje han skatta. Om vi er heldige.

Eller vi les personlege brev, kjærleiksbrev frå ei kvinne til ein mann for 150 år sidan. Ho var kjøt og blod, som oss. Ho hadde augevipper, naseborar, tunge. Ho hadde hud og hår og fingertuppar. Ho hadde hjarte, lunger og nyrer, magesekk og tarmar. Ho hadde hår på leggane, ho hadde tånegler, ho hadde sveittelukt, ho hadde vakenetter. Ho var aldri ein museumsgjenstand. Ho var eit heilt unikt individ, ein viktig eksistens. Ho kunne ikkje førestelle seg verda utan henne i den. For verda utan henne fanst ikkje, ikkje for henne. Ho var hovudpersonen i sitt eige liv. Ho var eit menneske.

Ein historieprofessor på universitetet sa at det einaste vi aldri kan vite noko om er korleis det lukta i tidene før oss. Korleis lukta det i Bjørgvin? Korleis lukta det i gatene, korleis lukta dei som passerte deg? Korleis lukta ei verd utan eksos, utan deodorantar og dusj? Korleis lukta ei verd utan tannkrem, utan vaskemaskiner? Korleis var dei i ei verd med fresande talglys og folk som sende kvarandre runepinnar, som denne dei fann på Bryggen i Bergen: «Gyda seier at du skal gå heim».

Vi får aldri vite det sikkert. Likevel er det lukta av historie som gir meg lykkeras i magen. Lukta av støv gjennom hundreåra som har passert. Lukta av alle som skjuler seg bak skrifta.

Laurdagsspalte i Nationen, 22. januar 2011

6 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Sa professoren virkelig det? Han har kanskje rett i at vi ikke helt kan vite HVORDAN det luktet, men det man ikke trenger å være historieprofessor for å vite, er AT det luktet. At mennesker luktet, at omgivelser luktet. At klasseforskjell ytret seg som lukt og fravær av lukt, eller av grader av lukt. Det spørs dessuten hvor langt tilbake man går, og hvor.

Avil sa...

«Gyda seier at du skal gå heim»

Eg ler og ler. Herleg.

Aina sa...

TM:
Ja, vi kan tenke oss til det, men vi kan ikkje ta vare på det og overføre det til ettertida. Og vi kan ikkje vere heilt sikre på kva slags lukter som fanst. For meg var det ein fin tankevekkar.

Avil:
Dei runepinnane er fantastiske, "eg elska henne i Stavanger" er ein annan, fritt etter minnet.

mittsnitt sa...

Fint (be)skrevet. Derfor ble jeg historiker også. Akkkurat derfor.

Aina sa...

Så du er også historikar! Det visste eg ikkje!

Steinrausi sa...

Detta var jo eigentleg retteleg fint skrivi, utan at det vart for keidsamt å fylgje ut. Historie er litt som å gange inn på eit hermetisk lukka loft, granske sakene og kvervle støvet opp. Så kjenner du att den umisselege lukti tå gamalt støv og muggsporor, søkk ned i gamle Fantomet og kjem att til svidi Grandiosa i stugu nede. Ei gåte i eit førkrigshus.