31. desember 2010

Nyttårsstormen

Året er snart omme. På øya har snøen bråna og nyttårsstormen kome. Smeltedammar på marka som vinden jagar over, som skuggar i vatnet, vind som fnys i omnen, som uler om novene: ein storm som blæs oss rakt inn i eit nytt år.

Det har vore eit godt år. Eit slikt år eg har drøymt om, med fridom, reiser, med ei opning inn i litteraturen. I forgårs blei Fange 59. Taterpige trekt fram i Aftenposten som ei av bøkene frå 2010 som det er verd å merke seg. I går byrja eg å skrive igjen. Ei langsam rørsle inn i noko nytt, etter ein hovudlaus bokhaust, ein haust eg endeleg får ro til å tenke over, fordøye.

Og snart kjem eit nytt år over fjellet. Kva bringer det med seg? Er det lasta med noko godt? Eg håper det. For meg og for alle dykk der ute. Godt nytt år!

9 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Godt nyttår til deg også. Ja, det må ha vært et godt år. Det er ikke verst å få realisert drømmene sine, i hvert fall ikke når de er så omfattende. Ser forresten at jobben som sjef for Samlaget Litteratur utlyses igjen ...

Aina sa...

Godt nytt år til deg, òg. Skal du søke jobb, eller?

Tehme Melck sa...

He, he. Kjapt svar. Nei, det var nok deg jeg tenkte på. Men det er kanskje litt tidlig? Og kanskje slett ikke det du vil.

Aina sa...

Å, tenkte du på meg! Nei, eg trur eg vil fokusere på skrivinga, eg. Trur elles det ville vore litt feil stad å forsøke å starte om ein skal gå inn i forlagsbransjen.

Anonym sa...

Jeg lurer på en ting..
I fjor leste jeg "Ingen Må Vite", og jeg elsket den! Nå vil jeg lese "Fange 59. Taterpige", men det skal være en voksenroman. Jeg er 15 år, men tror du den kunne passet for meg alikevel? Setter stor pris på om du vil svare :)

Aina sa...

Hei, Anonym.

Så hyggeleg at du likte 'Ingen må vite'! Det kan godt vere at du kan like 'Fange 59. Taterpige', òg. Eg kjenner ikkje nokon ungdommar som har lese den enno, men viss du gjer det kan du kanskje fortelje meg om det funka, etterpå?

Eg las både ungdoms- og vaksenbøker då eg var på din alder, det kjem an på kvar enkelt bok og kvar enkelt person, trur eg. Så det er berre å prøve!

Jakob Arvola sa...

Ønskemål for 2011 er mitt første bokmanus innlevert (takk for inspirasjon, forresten), samt fred og fordragelighet i hytt og vær. Jeg liker best å ha det slik.

Aina sa...

Då ønskjer eg deg lykke til med det! Eg håper det går din veg.

Marie, 15 sa...

Da skal jeg lese den!
Takk for svar:) Jeg skal gi en tilbakemelding en gang.
- Marie