21. desember 2010

Kvitt

Eg burde vel ikkje vere overraska, ikkje i desse telefoniske tider der all informasjonsutveksling og -oppdatering skjer på sekundet, men eg blei likevel forbløffa over å møte snøkave på Vigra flyplass då eg landa her ute på sunnmørskysten i går, over å ikkje sjå landskapet for snøen som kom drivande mot frontlyktene på veg heim.

Snø overalt. Snø som ligg, rådyrspor over markene, den raude løa med kvitt tak. Snø! Og snart er det jul.

2 kommentarer: