21. oktober 2010

Goldfrapp

Første gongen eg verkeleg høyrte på Goldfrapp var på toget gjennom Europa i 2001. Toget gjennom Tyskland, gjennom Italia. I mange år var eg fullstendig hekta på den første plata til Alison Goldfrapp og Will Gregory, Felt Mountain, som kom i 2000. Som mellom anna inneheld denne og andre tilsvarande elektronisk-eteriske og nydelege låtar:


Etter den første plata slo Goldfrapp seg på den meir dansbare elektropop-bølgja, og eg datt av lasset i mange år. Eg kjøpte platene, både Black Cherry (2003) og Supernature (2005), men lèt dei stå i hyllene utan å høyre særleg på dei. Så kom Seventh Tree i 2009, plata likna meir på det eg meinte Goldfrapp skulle vere, likna meir på Felt Mountain, og eg kopla meg på att. Og så kom Head First no i haust og eg høyrte at Goldfrapp skulle kome til Oslo og spele. Ein konsert eg har drøymt om i snart ti år. Så eg byrja lytte, verkeleg lytte, til dei tre meir høgtempo-platene dei har utgitt og gjekk på konsert på måndag. Og det var fantastisk. Heilt fantastisk.

No er eg fullstendig hekta igjen, og ikkje på dei rolege platene, men på dei fantastiske industrisynth-superdansbare låtane og det nye åttitalsinspirerte materialet. Som denne låten her, Rocket, frå sisteplata. Herleg!



Men ein av låtane som verkeleg har festa seg den siste veka er frå den andre plata, Black Cherry, den eg lenge nekta å høyre på. Og no siglar både plata og denne låten Strict Machine opp som store favorittar som får ein kvar kjip gåtur langs motorvegen til å fortone seg som ei lykkeleg, magisk oppleving.

1 kommentar:

Kathleen sa...

Jeg husker ikke når jeg hørte på Goldfrapp for første gang. Det må ha vært i totusenogsyv i hvertfall. Tror kanskje det må ha vært på den rosa ipoden som jeg hadde da. Kanskje det var på bussen til og fra skolen.