28. oktober 2010

Eg har deg ved førti

Når veit ein om det blir noko?
Ein har fått ein idé, eit bilete, eit innfall. Ein har fått ein person, ei historie, eit landskap. Og ein har skrive nokre sider. Ein har skrive fem sider, ein har skrive ti sider, ein har skrive tjue, tretti, førti sider.
Når veit ein om det blir noko?

Etter førti sider er eg ofte lei. Eg føler eg er ferdig med det eg har å seie, sjølv om eg ikkje har skrive det ut i tekst. Eg har tenkt meg gjennom det som skal skje, eg har skrive eit fragmentarisk manusutkast, som eg seinare vil måtte byggje ut, om det kjem så langt, med delar eg vil freiste sy saman.

Når veit ein at det blir noko?
Eg har ikkje mykje erfaring på dette området. Men om eg har skrive 30-40 sider og enno ikkje har skrive ut det eg vil seie, enno ikkje har tømt meg eller rommet bak teksten, når det berre er vilje og stamina det står på, ei kraftanstrenging for å kome meg over kneika, då trur eg det blir noko.
Men eg seier ikkje at det er lett.

Ingen kommentarer: