19. juli 2010

Sommarjobbing

Mormor ca. 1935


Det er sommar. Eg håper alle har merka dette sjølve.

Det er min første sommar utan verken fast jobb eller sommarjobb. Eg ikkje vore min eigen sjef ein heil sommar sidan året eg var 18 og ikkje hadde sommarjobb. Det kan ikkje samanliknast. Den sommaren forsørgja foreldra mine meg, det var fint vêr, men eg hadde ei munnhole full av vonde, kvite blemmer (takk gud for at det ikkje har kome attende, bank i bordet) og kunne ikkje reise på Moldejazz saman med vennane mine, men måtte ligge i sola i hagen og ete is og potetstappe og slikt som var flytande. Det var trist og vondt og eg skuldar på tantebarna, barnehagebarna, som hadde blemmer i munnane sine sjølve, men som ikkje fekk det like hardt som meg som var nesten vaksen.

Denne sommaren forsørgjer eg meg sjølv, men er likevel min eigen sjef og - så langt - frisk (bank i bordet ein gong til). I dag prøver eg til dømes å skrive ein leksikonartikkel. Det går sånn høveleg så langt. Men det er sommar. Eg vil heller ligge ein stad og lese ei dårleg (men spennande) bok enn å skrive, jobbe. Kven vil ikkje det? Men eg må skrive, kan ikkje berre sløve, sjølv om eg akkurat no kom på at eg har to bøker eg må lese som førebuing til eit kritikarseminar i haust, dei er ikkje ein gong dårlege. Hurra! No var det nesten så eg fekk lyst til å bruke FTW, eit uttrykk eg IKKJE har trykt til mi bringe.

Sommaren gjer meg utflytande, slakk, ikkje stram og presis og konkret. Men no byrja det å regne, så då er det vel på tide med ein pause. Eg burde skamme meg, finne eit kvart å rake i hop, noko tungt å bere.

2 kommentarer:

Mette Moen Baatvik sa...

Du skriv no så fint, Aina, sjølv om du liksom heller skulle raka eller bore noko tungt. ;-)

Tipper at bokideane kjem boblande no som tankane har rom.

Aina Basso sa...

Og du er ein bukett med ros og positivitet!
Du har rett i det med ideane. Kjem fleire idear enn eg kan skrive, er eg redd. Eg får lagre dei ein stad og ta dei fram i tilfelle idetørke litt seinare i livet.

Fortsatt god sommar!