22. juli 2010

Den trivielle sommaren

Det blir ikkje mange hardtslåande kommentarar frå denne kanten no om sommaren, det har både eg og de som framleis sit på nettet merka. Sommaren er jo så trivelig, eller triviell, som opphavsmannen til all den tørre humoren i familien plar seie. Og han er jo det. Både trivelig og triviell.

I dag, til dømes, har eg ete frukost og lese avisa på balkongen iført antrekk høvande solbading, og deretter lagt i veg til Tøyenbadet for ei økt utandørssymjing avløyst av solbading, så nok ei symjeøkt. Bassenget har feittrand etter solkrem og vatnet kjennest klissete mellom fingrane. Men det er azurblått og klart, skyene fer forbi, og sym ein på rygg med solbriller på kan ein sjå formasjonane dei lagar: eit hus, ein gris, ein stim makrell. Og under dei ein svale som flyg høgt og gir bod om fleire gode dagar, med nattbad, kan hende, mitt første, i fjorden?

Væten sit enno i håret, og varmen i huda etter solinga med medbrakt lektyre: The Waves av Virginia Woolf, for eit prosaisk val, likevel, noko vakkert over det. Og alt var fryd og gaman til to skumle biller kraup opp mellom sprekkene i plattingen og gav seg i veg i mi retning, innstendige, hardskala, firkanta.

No grev svolten gangar i buken, det er tid for dagens andre iskaffi. Og når kvelden fell ventar øl og mat med ein tilbyskomen bror. Slik er sommaren. Han er jo så fin.

(Og ti minutt etter at eg posta dette innlegget styrta regnet ned, som om det hadde halde seg ein halv dag og no ikkje klarte å knipe igjen lenger.)

Foto: Tor G. Stenersen, lånt HER

5 kommentarer:

Elen Fossheim Betanzo sa...

Ei jeg kjenner pleier å ligge på gresset og lese skyer om sommeren. Syntes det hørtes så fint ut.

Aina sa...

Det er jo nydeleg! Det skal eg også byrje med. Tenker det kvar gong eg faktisk gjer det. Og så gløymer eg det igjen.

Sjeldnere enn sorte svaner sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Sjeldnere enn sorte svaner sa...

Du skriver godt, Aina!
Selv leser jeg ofte skyer, men tar meg oftest i å tyde trær i all ydmykhet - og å snakke med fuglene, dessuten.
Ja, for slik er det; ett ben i himmelen, ett i det våte gresset, og med hodet slepende etter i fortiden.
God sommer:)

Aina sa...

God sommar til deg, òg!