17. juni 2010

Kvardag

Eg tenkte det kanskje var tid for eit nytt innblikk i kvardagen. Som akkurat no består av desse tinga:

  1. vente på 1. korrekturen til den nye boka, som eg har venta på ei stund
  2. prøve å finne eit par antrekk å ha på meg til pressefotografering av alle vaksenbokdebutantane på Samlaget i morgon (vi er visst ein gjeng, og ja, eg skal debutere ein gong til)
  3. finne ut kva eg skal lese på mi aller første opplesing frå nyeboka om ei vekes tid på Dei nynorske festspela
  4. prøve å skrive
  5. prøve å lese

Sluttfasen av bokproduksjonen verkar å vere slik: lange venteperiodar med utolmod avløyst av plutseleg travelheit og maksimalt stress, avløyst av lange venteperiodar, osb. Eg førebur meg på å bli stressa for så å kunne bli heilt, heilt roleg heilt til boka kjem til hausten.

3 kommentarer:

Avil sa...

Hehe, nemleg. Eg er framleis i den deilege fasen der det er jamnt arbeid (og berre ørlite misunning over alle med bøker i år som får vere med på så mykje kjekt).

Aina Basso sa...

Og når du har full rulle med ny/e bok/bøker sit eg på eit gjerde og skriv og er ørlite misunneleg på deg. Og slik held vi det forhåpentlegvis gåande heilt til den vakre dagen vi har bok samtidig!

Avil sa...

Planen er å speede opp på eit eller anna magisk vis, plage og true og stikke meg sjølv, så eg skriv så fort at eg gløymer å sensurere meg, og opnar beingrinda i bringa og knekk ut eit eller anna som er betre enn eg kan konstruere meg fram til.

Då blir det bøker KVART år.