6. april 2010

Eg hjartar biblioteket

Å, i dag fekk eg nok eit døme på kor utruleg bra det norske biblioteksystemet er. Ikkje berre bognar biblioteka av samtidslitteratur, men dei tek vare på eldre litteratur, òg, litteratur det er omtrent umuleg å få tak i på anna måte. Og kva med den fantastiske innkjøpsordninga som sikrar eit breitt tilbod av all slags litteratur her i landet? Det einaste som manglar er ei betre ordning for sakprosa, så er vi der. Snart får vi vel låne e-bøker via biblioteksportalar på nettet, òg.

Og ikkje berre får ein fjernlåne bøker og møter (stort sett) den beste sørvis ein kan tenke seg når ein nærmar seg ein biblioteksinstitusjon i dette landet, men no får ein også levere inn ei bok ein har lånt i t.d. Oslo på eit bibliotek av ein viss storleik i t.d. Ålesund - utan å måtte betale tilbakesendingsportoen sjølv!
Eg er så imponert. Eg måtte berre seie det.

3 kommentarer:

thauke2 sa...

Hlt nig, vi må vite å sette pris på vårt fantastiske biblioteksystem. Beste måten å gjøre det på er selvsagt ved å være ktive brukere - og her i Bergen så jeg nylig at det har vært en pen utlånsvekst i den siste tiden.
Har ellers nettopp lest og 'anmeldt' din debutbok, håper du ikke synes jeg er altfor streng!

Aina sa...

Ja, det er viktig å bruke biblioteket. Eg bruker det stadig meir med åra, og meir no som eg bur i Oslo enn eg har gjort tidlegare.

Du var ikkje så veldig streng, synest eg. Ein kan vel ikkje vente at ein vaksen mann skal ha same oppleving av ei bok som ei jente på fjorten år - som boka i hovudsak er intendert for! :)

Monica sa...

Leste noe liknende på Flamme sine sider i dag, og må bare si at jeg er så enig så enig med både deg og dem! Blir stadig imponert over service-innstillingen og leveringsevnen til Fredrikstad bibliotek. Hurra! og som deg bruker jeg biblioteket mer og mer. To ganger i uka - minst. Grattis med ny blogg, forresten!